Natt til måndag starta det ein brann i naust i Undredal som vidare spreidde seg til nokre bygningar i nærleiken.
Natt til måndag starta det ein brann i naust i Undredal som vidare spreidde seg til nokre bygningar i nærleiken. (Foto: Vest politidistrikt)

Brannsjefen takkar snarrådig innsats, og flaks med vêret, for at ikkje det gjekk verre

No etterlyser han betre vern, og ikkje berre i Undredal: – Med vind hadde ikkje hageslangen vore til noko nytte, seier Gilje.

Aurland: – Eg var førstemann som kom til plassen. Då stod naustet i full fyr, men det stod nokre lokale med hageslangar og spruta på veggen ved huset like ved, seier Arvid Gilje, brannsjef i Aurland.

Brannmannskap frå fleire stasjonar vart tilkalla, og fekk raskt kontroll over flammane. Men utan den tidlege innsatsen kunne dei fått ei enno tøffare oppgåve i fanget, trur brannsjefen.

– Det var flott innsats frå dei lokale som fann fram hageslangen, men om det hadde vore vind hadde ikkje hageslangen vore noko til hjelp, seier han.

Område som må vernast

Kommunestyret har lagt ned brannstasjonen i Underdal, men frivillige i den vesle bygda har avtala med brannvesenet at dei rykkar ut når alarmen går. 

Dermed slepp brannvesenet i Aurland å rykka ut kvar gong, om alarmen skulle visa seg å vera falsk. Alle hus i Aurland har ein varmemeldar. Det gjeld til og med dei utan straum, som til dømes naust.

Sjølv om systemet fungerer, meiner Gilje det i tillegg er eit stort behov for slangepostar.

– Me har tre område i Aurland, Lærdal og Solvorn i Luster som treng betre vern.  Det me manglar i Underdal er slangepostar med 50 meter lang brannslange rundt om i bygda. Det har ikkje vorte prioritert, seier Gilje. 

Kunne spreidd seg meir 

Brannen i Undredal starta i eit naust. Før naudetatane kom fram hadde den spreidd seg vidare til låven, eit uthus, og to båtar som var lagra på land.

Nokre glasruter har knust hos ein anna nabo. Eit kjøleanlegg er svidd av, i butikken ved sidan av har takrenna og løpet ned smelta, og det har kome noko vatn inn.

– Sjølv om brannmenn stod igjen lenge for å sløkka alle glør, har butikkarbeidarane fått beskjed om å halda eit auga med om noko skulle blussa opp i butikken, berre for å vera 110 prosent sikre, seier Gilje. 

Ukjent årsak

Når Porten.no ringer politiet driv dei på og registrerer saka og legger inn avhøra dei har gjort i løpet av natta og morgonkvisten. 

– Det er for tidleg å seia noko om årsaka endå, seier Knut Arne Klingenberg, tenestestadsleiar for Aurland og Lærdal politistasjon. 

– No skal me først legga inn alt, så går me gjennom det. Tida vil vise kva me finn ut, og korleis me vil etterforska dette, seier han.

Til toppen