TILTAK: Brannsjef i Lærdal og Årdal kommune, Gaute Johnsgaard har vore på tilsyn på Kosen ungdomsklubb og er klar på at kommunen få setja i gong fleire tiltak for å auka brannsikkerheita i bygget. Foto: Jan Christian Jerving. 
TILTAK: Brannsjef i Lærdal og Årdal kommune, Gaute Johnsgaard har vore på tilsyn på Kosen ungdomsklubb og er klar på at kommunen få setja i gong fleire tiltak for å auka brannsikkerheita i bygget. Foto: Jan Christian Jerving. 

Brannsjef: – Noko må gjerast med Kosen ungdomsklubb

På Kosen ungdomsklubben i Lærdal er det verken sprinkleranlegg eller gode nok rutinar på plass, dersom det skulle oppstå brann. 

Lærdal: Det seier Gaute Johnsgaard, brannsjef i Lærdal og Årdal kommune til Porten.no. 

I fjor var han på tilsyn på ungdomsklubben og leverte deretter ein rapport til kommunen med tiltak som må på plass for at klubben skal få halda fram. 

– Det er ikkje godt nok organisert. Kommunen må få på plass ei betre organisering av det brannførebyggjande arbeidet, seier Johnsgaard. 

– Kan bli betre

Lærdal kommunale ungdomsklubb, Kosen, er lokalisert i Gamleskulen og er open for ungdom i alderen 13-18 år. Klubben er open kvar tysdag og torsdag.

Er Kosen ungdomsklubb brannfarleg?

– Alt er relativt. Det er eit varslingsanlegg i bygget og direkte brannfarleg er nok ikkje klubben. Men ting og rutinar kan alltid bli betre. Bygget er komplekst og det er til dømes ikkje sprinkleranlegg der, seier Johnsgaard. 

Klubben skal legge til rette for ulike sosiale aktivitetar for ungdom i fritida. Vaksne skal vere tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar.

– Det må organiserast brannøvingar. Om det er mykje folk til stades i dette bygget, må ein drilla må korleis ein kan koma seg raskast mogleg ut dersom ein brann skulle oppstå. Det er viktig å få på plass gode rutinar slik at alle kjem seg ut og ha på plass ein rømningsplan, seier Johnsgaard. 

Må få på plass tiltak

– Kommunen må setja i gong tiltak basert på kva type ungdomsklubb dei ønskjer å ha. Eg veit ikkje kor fullt bygget vanlegvis er eller kor mange born som nyttar seg av tilbodet, seier Johnsgaard. 

Tilsynsrapporten er sendt til kommunen og det er deira oppgåve å at ting kjem på plass. 

– Lærdal kommune må koma med ein tilbakemelding på korleis dei vil driva klubben. Dei har fått ein frist til å svara på rapporten og setja i gong tiltak, seier Johnsgaard som skal innom klubben for tilsyn i år også. 

Vurdera å flytta klubben

Ungdomsklubben har ein viktig funksjon som uformell møtestad for ungdom. Her har ein aktivitetar som biljard, bordtennis, ulike spel og TV spel. Det er kjøken der ungdommane sjølve har sal av pizza, brus og noko snop.

Synfaringa på Kosen ungdomsklubb vart teken opp av formannskapet under deira sitt førre møte i april.

– Me må sjå på saka litt meir og vurdere om ein må flytte ungdomsklubben til eit nytt bygg, seier Annike Vanberg (SV).

Formannskapet etterlyste framtidsplanar for ungdomsklubben i Kulturplanen til kommunen. 

Saka vil bli teken opp i kommunestyre i mai.  

 

 

Til toppen