TETT: Dei to husa som brann ned i Fjøregeili, eit gult og eit kvitt, stod tett. Foto: Halvor F. Stotvik
TETT: Dei to husa som brann ned i Fjøregeili, eit gult og eit kvitt, stod tett. Foto: Halvor F. Stotvik

Brannsjefen: – At det gjekk «berre» to hus her, er me rimeleg nøgde med

Brannen i Sogndal starta i eit bustadhus og spreidde seg raskt til eitt anna. Fem personar vart behandla for røykskader.

  • Endret

Sogndal: – Det er dramatisk når det er midt i trehusbebyggelsen. Huset var heilt overtent då me kom. Å hindra spreiing til andre hus var hovudfokus, seier brann- og redningssjef Vidar Trettenes

Politiet fekk melding om brannen klokka 1:52. Då var eitt bustadhus allereie overtent. NRK meldte at brannmannskap frå Gaupne, Leikanger og Førde hadde blitt kalla ut, i tillegg til Sogndal.

14 strålespissar og 30 mann frå brannkorpset

Ikkje lenge etter den første meldinga, kom oppdateringa om at brannen hadde spreidd seg. Det var då uvisst om det var folk i husa.

Trettenes fortel dei angreip huset det starta å brenna i frå alle kantar med 14 strålespissar og 30 mann frå brannkorpset. Rutene i alle dei næraste nabohusa sprakk, så her har det vore krefter i sving.

– Det er alltid utfordrande i starten til ein byrjar å få kontroll. Men at det gjekk «berre» to hus her, er me rimeleg nøgde med.

To hus i Fjøregeili midt i sentrum vart lagt i ruinar; i det eine budde ein familie, i det andre budde studentar. Ni er no huslaus. På det meste var kring 40 personar evakuerte, opplyser Trettenes.

– Dei var samla hovudsakleg i kommunestyresalen og på sjukeheimen. Me var oppe og hadde ei lita orientering til dei om kva hus som kan flyttast tilbake til.

– Kan dei flytta tilbake i dei andre husa rundt dei nedbrende?

– Ja, i all hovudsak. Det er tre-fire hus som ikkje har straum, mellom anna det bak her. Bebuaren kunne ha fått bu på Hafslo, men valde å vera her ettersom han ikkje følte uro med det.

Artikkelen held fram under biletet

BRANNDRAMA: Sogndal sentrum stod i flammar natt til søndag. Biletet er tatt rundt halv tre, ein halvtime etter at politiet melde om brannen. 
BRANNDRAMA: Sogndal sentrum stod i flammar natt til søndag. Biletet er tatt rundt halv tre, ein halvtime etter at politiet melde om brannen. 

Ingen på sjukehus

Like før halv fire melde politiet at brannmannskapa hadde byrja å få ein viss kontroll over flammane.

Fem personar fekk behandling for røykskade på staden, men dei måtte ikkje på sjukehuehus.

Ettersom brannen starta tidleg på natta natt til søndag var det også mykje folk ute i gatene.

– Det var ein del virring i gatene, og det gjer det alltid litt ekstra utfordrande, seier Trettenes.

Han vil rosa både sine eigne og andre for innsatsen

– Det er berre å takka dei, dei har gjort ein formidabel innsats. Og ikkje minst ein stor takk til dei friviljuge  organisasjonane; både Raude Kross og Sivilforsvaret har vore her og gjort ein stor jobb. ​

Trettenes seier det alltid blir drive ettersløkkjing i minumum seks timar.

 

 

 

Til toppen