ÅTVARAR: Brannsjef i Årdal og Lærdal, Gaute Johnsgaard, oppmodar folk om å vera forsiktige dersom dei skal tenne bål / grille i naturen i påska.
ÅTVARAR: Brannsjef i Årdal og Lærdal, Gaute Johnsgaard, oppmodar folk om å vera forsiktige dersom dei skal tenne bål / grille i naturen i påska. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Brannsjefen åtvarar mot uaktsam brannbruk: - Ver forsiktig med eingangsgrill

Brannsjef i Lærdal og Årdal oppmodar folk å vera forsiktige i påska.

Lærdal: Fram mot påske er vêrvarslinga klar, ei einaste stor sol skal skina over Indre Sogn. 

I den samanheng har brannsjef Gaute Johnsgaard gått ut med ei påminning til innbyggjarar, som har tenkt seg på tur i skog og mark i påska. 

– Mange dagar med turt og fint vêr fører til at det vert fare for skogbrann i Lærdal. Lærdal kommune minner derfor om at det er turt i utmark / innmark enkelte stader, og at ein må vera forsiktig med båltenning og bruk av eingangsgrill, seier Johnsgaard dog legg til:

– Vegetasjonen er lett antenneleg og store område kan verte ramma.

I ei melding opplyser brannsjefen at det etter 15. april vert innført forbod mot å tenna bål i Lærdal kommune utan løyve.

Til toppen