KORTE STIGAR: Skal du kome sløkke brannar og evakuere frå høgda trengst det heilt anna utstyr enn kommunen rår over i dag, konkluderer brannsjef i Årdal Gaute Johnsgaard. Foto: arkiv.
KORTE STIGAR: Skal du kome sløkke brannar og evakuere frå høgda trengst det heilt anna utstyr enn kommunen rår over i dag, konkluderer brannsjef i Årdal Gaute Johnsgaard. Foto: arkiv.

Brannsjefen i Årdal: – ​ Manglar utstyr til å sløkke i høgda

– Eg har teke opp dette no for å få varsla om det. Så få me sjå om politikarane vil ta tak i det. Me får berre pressa på.

Årdal: Årdal har fleire bustadblokker og høge kontorbygg som kan gje brannvesenet i bygda store utfordringar ved brann.

– Me har ikkje utstyr for å arbeida i høgda og erfaringen frå brannen i Torpegarden er døme på dette, står det i ein 2016-rapport frå Årdal Brannvern om brannberedskapen i kommunen. Vidare står det at slikt utstyr kan vere avgjerande for å berge liv og store materielle verdiar.

Les også: Branntryggleiken ikkje heilt på topp på hytta
Les også: Lærde om korleis dei skal unngå husbrann

Bak rapporten står brannsjefen i Årdal, Gaute Johnsgaard. 

– Kor komfortabel er du med ein slik situasjon?

– Eg kunne ønskt meg slikt utstyr, for å seia det slik. Når me har folk i kommunen som bur i både tredje og fjerde etasje, så hadde det vore greitt å ha utstyr til å både evakuera og å sløkka brannar på ein meir effektiv måte enn i dag, seier han.

–​ Kva gjer de viss det byrjar å brenne i høgda?

– Då må me bruka kløkt og gjera det på ein best mogleg måte utifrå føresetnadane. Men me ser det at det er utfordrande, seier Johnsgaard.

Han seier det er snakk om millionar for at brannvesenet skal få det utstyret dei treng. I allefall om det skal rekke til ein stigebil utrusta med korg som kan løfte mannskap og slanger. 

– Eg har teke opp dette no for å få varsla om det. Så få me sjå om politikarane vil ta tak i det. Me får berre pressa på, Johnsgaard.

Til toppen