TRE ALTERNATIV: Av dei tre alternativa er det Nestangen, markert med firkanten oppe til høgre, brannsjefen Sogn brann og redning føretrekk. Andrevalet er trekanten i midten, ved Sjøkanten, medan plasseringa ved Fjærlandsvegen er tredjevalet.
TRE ALTERNATIV: Av dei tre alternativa er det Nestangen, markert med firkanten oppe til høgre, brannsjefen Sogn brann og redning føretrekk. Andrevalet er trekanten i midten, ved Sjøkanten, medan plasseringa ved Fjærlandsvegen er tredjevalet. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Brannsjefen ønskjer ny stasjon i Sogndal

Her er dei heitaste kandidatane til ny plassering.

Sogndal: Brannstasjonen i Sogndal er dårleg plassert, manglar kontorfunksjonar, er for liten og upraktisk, meiner brannsjefen. Han ser for seg at dei treng ny om fem til åtte år.

– Så kan det skje både fortare og seinare enn det, men det er mitt perspektiv, seier Vidar Trettenes i Sogn brann og redning.

VIL FLYTTA: Brannsjef Vidar Trettenes vil ha ny stasjon i Sogndal, og ser for seg samlokalisering med til dømes Sivilforsvaret og naudetatane. Her med DSB-direktør Cecilie Daae. Bilde: Roy Larsen, Brannmannen

Brannsjefen: – Knotete utkøyring

I dag har dei kontor i kulturhuset i Sogndal, medan stasjonen i Sogndal høyrer til i grushola rett nedanfor psykatrisenteret på Rutlin.

– Me bør ligga slik at me kjem rett ut på ein av riksvegane. No har me ei litt knotete utkøyring, me må først gjennom ein krapp sving, så over eit par fartsdumpar, seier Trettenes.

Sogndal har ein klar strategi på å fortetta i sentrum, noko som i praksis ofte betyr å bygga høgare enn kva som har vore vanleg. Til dømes er det planlagt å byggja bustadblokker opp i ni etasjar, eller 31 meter, på Lerum brygge.

Denne utviklinga betyr at òg brannvesenet må bu seg på brannsløkking i høgda. Innan 2025 har dei planar om å skaffa ein skikkeleg stigebil, ei investering som òg krev stor plass.

– Då blir stasjonen for liten, slik han er no, seier Trettenes, som legg til at ein slik reiskap vil vera nyttig for heile nedslagsfeltet deira, ikkje berre Sogndal.

Trur det blir naudsynt å bygga ny stasjon

MANGELVARE: Då Stedjetunet brann ned i desember i fjor kom det stigebil frå Førde for å hjelpa til. Brannstasjonen i Sogndal er i dag for liten til å husa ein slik reiskap. Foto: Josef Benoni Ness

I samband med ei pågåande oppdatering av kommunale planar, har Sogn brann og redning spelt inn kor dei helst ser at den nye stasjonen blir plassert.

Førstevalet er Nestangen ved Loftesnesbrua, nummer to er Hagelin ved Sjøkanten og nummer tre er Nedrehagen, rett ved Fjærlandsvegen på motsett side av Fosshaugane.

Nestangen har mange fordelar, meiner brannsjefen. Riksvegen går kloss ved, det er kortare veg til både Kaupanger og Luster, og nærleiken til fjorden er praktisk når dei til dømes skal øva på å redda folk som har gått gjennom isen.

– At det er noko kortare veg til Kjørnes vil òg gjera det lettare å rekruttera personell derifrå, seier Trettenes, og minner om at kravet til oppmøte på brannstasjonen er 4-6 minutt etter alarmen har gått.

Flytting betyr ikkje automatisk at dei må bygga ny stasjon, men brannsjefen trur likevel det blir naudsynt. 

– Det kan bli utfordrande å finna eigna plass i Sogndal utan å bygga nytt, seier han.

Til toppen