BRANNTILLØP: Ein kortslutning er grunnen til branntilløpet som brannvesenet fekk sløkt kjapt. Arkivfoto
BRANNTILLØP: Ein kortslutning er grunnen til branntilløpet som brannvesenet fekk sløkt kjapt. Arkivfoto

Branntilløp på Hydro

Skuldast kortslutning. Brannen er sløkt.

Årdal: Politiet twitrar rett før klokka 1730 at det har vore branntilløp på Hydro i Øvre Årdal. Dette skuldast ei kortslutning i ei kabelgrøft, går det fram av meldinga. Ingen personskade er skjedd. Brannvesenet sløkte brannen kjapt og dreiv deretter med ettersløkkjing.

Fabrikksjef Wenche Eldegard fortel at branntilløpet skjedde i digelfresen, der støypekara blir reinska:

– Fire kablar er brent av. Skiftelektrikaren er der og skal få anlegget i gang att. Dette er ikkje kritisk for oss, seier ho til Porten.no rett over klokka 18.

Til toppen