BRANNTRYGGLEIK: Rundt 8.000 hytter i Noreg har ikkje har røykvarslar, og så mange som 15.000 hytter manglar sløkkjeutstyr. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BRANNTRYGGLEIK: Rundt 8.000 hytter i Noreg har ikkje har røykvarslar, og så mange som 15.000 hytter manglar sløkkjeutstyr. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Branntryggleiken ikkje heilt på topp på hytta

Rundt 8.000 hytter i Noreg har ikkje har røykvarslar, og så mange som 15.000 hytter manglar sløkkjeutstyr.

Indre Sogn: Det kjem fram i ei undersøking gjennomført av Norsk brannvernforening i samarbeid med Tryg i 2016.

– Undersøkinga viser tydleg at nokre ikkje tar branntryggleiken tilstrekkeleg på alvor, seier administrerande direktør i Norsk brannvernforening, Rolf Søtorp, i ei pressemelding.

– Ein fritidsbustad har dei same lovpålagde krava til røykvarslar og sløkkeutstyr som ein vanleg bustad. Det viktigaste er likevel at slikt utstyr bidrar til å redde liv og verdiar. Den klare oppfordringa vår er at ein tar dette på alvor, og ser til at hytta er utstyrt slik ho skal vere, seier Søtorp.

Tal frå Finans Norge viser at det gjennomsnittleg brenn i rundt 1.000 fritidsbustader i Noreg per år. Gjennomsnittleg forsikringsutbetaling er på 300.000 kroner for desse brannane.

– Brannsikkerheit er ekstra viktig på hytta, sidan det kan ta lang tid for det lokale brannvesenet å rekke fram. På hytta må du sjølv vere førebudd på å sløkkje ein eventuelt brann, seier Ole Irgens i Tryg Forsikring.

No i påska skal brannvesenet i store hyttekommunar over store delar av landet ut og treffe hyttefolket for ein prat om branntryggleik. Då skal dei også dele ut ein trykksak forma ut som ei minihytte, i tillegg til røykvarslarbatteri. Minihytta skal hengast opp på ein eigna stad i den verkelege hytta, og gir ei god oversikt over kva ein må tenkje på for å unngå brann.

Kampanjen er eit samarbeid med Norsk brannvernforening og Tryg Forsikring.

(©NPK)

Til toppen