FORBOD: Det er snart fobode å gjere opp eld nær skog og utmark. Foto: Andrea Sæverud / NPK
FORBOD: Det er snart fobode å gjere opp eld nær skog og utmark. Foto: Andrea Sæverud / NPK

Brannvernsforeininga ber folk respektere bålforbodet

No blir det snart bålforbod nær skog og i utmark. 

Frå 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld nær skog og all anna utmark utan løyve frå kommunen, Norsk brannvernforening ber folk respektere forbodet.

– Sjølv om brannfaren utandørs neppe er overhengande i nord-noreg, er sesongen for gras-, kratt- og lyngbrann for lengst i gang i Sør-Norge. Derfor er det viktig at folk respekterer bålforbodet, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening i ei pressemelding.

Med forskrift om brannførebygging som kom i fjor, blei reglane for bålbrenning endra noko. Ei viktig presisering er at bålforbodet gjeld i all utmark. Kommunane kan dessutan fråvike bålforbodet gjennom lokale forskrifter, dersom lokale forhold tilseier det.

– Ved spesielt stor brannfare kan kommunane innføre forbod mot å gjere opp eld i bestemte område også utanfor tidsrommet 15. april – 15. september. Dei kan òg gi løyve til å brenne bål der det openbert ikkje kan medføre brann, poengterer Søtorp.

Regelverket knytt til «å gjere opp eld» omfattar meir enn bålbrenning. Det omfattar for eksempel bruk av eingongsgrill og andre bål- og peisinnrettingar. Oppsending av såkalla skylanterner eller kinesiske lykter og handtering av brannfarleg avfall er også omfatta av omgrepet.

Til toppen