Sogndal: Politiet fekk melding om hendinga like før 11.00 torsdag føremiddag, og alle naudetatane kom raskt fram til staden.
– Etter det me kjenner til så brenn det framleis i taket eller himlinga. Bustaden ligg i Sogndal sentrum like ovanfor Campus, seier Ole Tom Nord i politiet til Porten.no.
Han fortel at dei to personane som var inne i huset då det byrja å brenne er komne ut utan skade.
Artikkelen held fram under biletet.

Det var fleire personar som hjelpte til med å bere ut inventar frå bustaden, og desse vart sendt til legen for rutinemessig kontroll.
Det var mykje røyk i området då det brann, og politiet bad difor naboar om å halde seg inn og late att vindauge og dører.
Klokka 12.40 var brannen sløkt, melder NRK. Det er førebels ikkje kjend kva som var årsaka til at det byrja å brenne.
Sogndal. Brann i einebustad. Naudetatane framme på staden. Bebuerane er ute av huset
— PolitietSognFjordane (@politietsognfj) 9. juni 2016