ØVING: Brannvesenet øvde nyleg på elveredning.
ØVING: Brannvesenet øvde nyleg på elveredning. (Foto: Brannvesenet i ÅLA)

Brannvesenet øvde på elveredning: – Må øva på korleis det å gå gjennom isen

Brannvesenet i Årdal og Lærdal har månadlege øvingar. Nyleg øvde dei på overflateredning på Smedalsvatnet på Filefjell.

Lærdal/Årdal: I Årdal og Lærdal driv mange med laksefiske og padling elvane, samt båt og andre aktivitetar på fjorden. Dersom uhellet først er ute, skal brannvesenet vera budde. 

Difor øvde dei nyleg på sokalla overflateredning i elv. 

– Dersom folk går i elva, til dømes fiskarar som er uheldige, må me vera klare til å rykka ut og hjelpa til, seier brannsjef Gaute Johnsgård til Porten.no.

Fordi det ikkje er redningsdykkarar i fylket, er dette svært viktig, legg han til. 

Fokus på sikring

Under slike øvingar har brannvesenet fokus på å trena på eigen sikkerheit.

– Me kan ikkje hjelpa andre viss me ikkje kan bruka utstyret vårt til å først sikra oss sjølve medan me jobbar, seier han. 

ISLAGT ELV: Under øvinga på Smedalsvatnet var det fokus på korrekt bruk av utstyr. Foto: Brannvesenet i Årdal og Lærdal

Brannvesenet i Årdal og Lærdal har eigne utdanna instruktørar som held kurs, som til dømes elveredning. 

– Det er det me øvar på primært under slike øvingar, å sikra seg sjølv for å sikra- og redda andre. Me må vera sikre på bruk av tørrdrakter, redningsvester, tau og personleg verneutsyr, for å kunne bruka det effektivt.

Må vita korleis det er å gå gjennom isen

Under øvinga på Smedalsvatnet øvde brannvesenet òg på redning på islagt elv.

– Me har ofte snø og is på elvane her i området, og då må me øva på korleis me forholder oss på is og korleis det er om ein går igjennom isen.

Johnsgård seier at han ikkje kjenner til at det har skjedd slike ulukker i dei to kommunane, men at brannvesenet likevel må vera budde. 

I Årdal og Lærdal samarbeider brannvernet, og dei har 16 brannbetjentar i Lærdal og totalt 37 i Årdal, der fire ikkje er i aktiv teneste.

Til toppen