KONTROLL: Brannvesenet fekk raskt kontroll på pipebrannen.
KONTROLL: Brannvesenet fekk raskt kontroll på pipebrannen. (Foto: Arkiv)

Brannvesenet rykka ut til pipebrann i Årdal

Klokka 18:17 fekk brannvesenet melding om ein brann i ei pipe i Årdal.

Årdal: Brannvesenet rykka ut til ei adresse på Årdalstangen torsdag kveld.

Innringaren var naboen til huset, som var ein tomannsbustad i området Hæreid.

– Då brannvesenet kom fram til staden var det lite dramatikk. Det var ein alminneleg pipebrann og dei fekk raskt kontroll på brannen, opplyser vaktleiar Nina Andal ved Alarmsentralen til Porten.no klokka 18:40. 

Det var personar inne huset, men ingen skal ha blitt skadde.

– Alt er under kontroll på staden, seier Andal. 

Vitner opplyser til Porten.no at brannen var sløkt klokka før 18:50.  

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Til toppen