Sogndal: Klokka 21.59 fekk Alarmsentralen melding om at kraftig røykutvikling frå ein einebustad i Sogndal.
To minutt seinare melde politiet at alle skulle ha kome seg ut frå huset.
– Siste status er at det er kontroll på brannen, den er no sløkt, seier Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen til Porten.no klokka 22.09.
Han hadde enno ikkje fått opplysningar om kor kraftig brannen hadde vore.
Like etter stadfester politiet at brannen er under kontroll.
– To personar får behandling for å ha pusta inn røyk, skriv dei på Twitter.
Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.