Sogndal: Det skal ifølgje Alarmsentralen ikkje ha vore noko dramatikk ved hendinga.

– Brannen var sløkt før brannvesenet kom fram til staden. Det vart brukt pulver til sløkkinga, og brannen fekk ikkje spreidd seg. Det er ingen personskade, men bilen har fått materielle skader, opplyser vaktleiar til Porten.no.
Hendinga skjedde i ei busslomme på Sogndal-sida av Loftesnesbrua.
Sjåføren av bilen fekk raskt hjelp til å sløkka brannen.
Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.