BRANN: Ein bråtebrann i Marifjøra kom ut av kontroll tysdag ettermiddag.
BRANN: Ein bråtebrann i Marifjøra kom ut av kontroll tysdag ettermiddag.

Bråtebrann kom ut av kontroll

Ein bråtebrann kom ut av kontroll i Luster tysdag ettermiddag.

Marifjøra: Politiet fekk melding om hendinga like etter 17.00 tysdag ettermiddag. Då hadde brannmannskap rykka ut for å bistå bråtebrenning i Marifjøra i Luster.

Omtrent eit kvarter seinare melde mannskapet tilbake til politiet om at dei hadde mista kontrollen på brannen. 

Politiet rykka ut, og det same gjorde ytterlegare to tankbilar som bistod i sløkkinga. Då gjekk det ikkje lang tid før flammane var under kontroll.

Det var ikkje fare for at bygningar skulle bli råka av brannen. Litt før 20.00 vart aksjonen avslutta og brannen var sløkt.

Til toppen