BRENN: Det kjem svart røyk frå brannen i fjellsida i Haugsnosi, Luster.
BRENN: Det kjem svart røyk frå brannen i fjellsida i Haugsnosi, Luster. (Foto: Marie Alme)

Brått torevêr og lyn førte til brann i ei fjellside i Luster, helikopter driv sløkkingsarbeid

Eit lynnedslag sette fyr i ei fjellside på Haugsnosi på Skjolden i Luster. Brannen er så høgt oppe at brannvesenet ikkje kjem til. No har dei fått inn helikopter.

Luster: Etter at vêret brått snudde tysdag, braka det laust med kraftig lyn og torevêr og regn. På fjellet Haugsnosi på Skjolden i Luster, førte eit lynedslag til brann, melder NRK

– No har det regna heilt sidan det starta, så eg ser det kjem litt røyk endå, men det kan hende det har blitt sløkt av seg sjølv, seier Marie Alme til Porten.no.

Klokka 15 i ettermiddag sa Roy Humlestøl ved Alarmsentralen, til NRK følgjande:

– Situasjonen er at det har vore eit lynnedslag på om lag 1000 meter over havet over Skjolden. Der brenn det framleis i eit veldig utilgjengeleg område. Vi har bede om å få skogbrannhelikopter. Dette er veldig vanskeleg og krevjande å få sløkt utan.

Helikopteret er komen på plass, og har starta arbeidet med å sløkke brannen, opplyser Porten.no tipsar. 

Alme: – Fleire lynnedslag

Alme bur i nærleiken av Haugsnosi og ho kan sjå bort på brannstaden frå stua si. 

– Eg såg brannbilen var på plass ganske kjøpt, nede ved stranda. Men brannen er ganske høgt oppe så eg kan ikkje tenke meg at dei har vore oppe, seier ho. 

I ettermiddag rundt klokka 14:30 snudde vêret om, og kraftig vind, regn og eit brutalt torevêr råka Indre Sogn. 

– Det var ganske heftig. Det kom veldig fort sterk vind, og fleire lynnedslag. Det buldra lenge, seier Alme. 

Sjølv var ho ute å køyrte bil då det starta, men kom seg i hus då vêret var på det verste.

– Det var veldig greit å komme seg inn!

Til toppen