Lærdal: Ein langtransportsjåfør vart stoppa for alvorleg brot på køyre- og kviletida på kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal torsdag. I løpet av 48 timar var fem timar og 48 minutt den lengste kvileperioden.
I løpet av eitt døgn skal ein sjåfør av eit tungt køyretøy kvila anten minst elleve timar samanhengande i løpet av eitt døgn, eller minst ni pluss tre timar, går det fram av Statens Vegvesen sine nettsider.
Saka er meld til politiet, opplyser Statens vegvesen til NRK Sogn og Fjordane.