INNBROT: Det er gjort eit innbrot på ein einebustad i Gudvangen. Foto: Mapbox. 
INNBROT: Det er gjort eit innbrot på ein einebustad i Gudvangen. Foto: Mapbox. 

Braut seg inn i einebustad

Politiet er ferdige med arbeidet på staden etter innbrotet som er gjort i ein einebustad i Gudvangen.

Gudvangen: Politiet i Sogn og Fjordane melder 12.00 torsdag at det er gjort eit innbrot i ein einebustad i Gudvangen. 

– Det er uvisst kor store verdiar som er tatt, og gjerningspersonen har forlate åstaden, seier politiet som utførte undersøkjingar på staden.

Operasjonssentralen melder at dei klokka 1240 ikkje har vidare opplysningar å gå ut med.

– Mannskap frå politiet har undersøkt åstaden og henta inn opplysningar. Dei er no ferdige med arbeidet på staden og vil etterforska saka vidare med utgangspunkt i dei opplysningane dei har fått og undersøkjingar som er gjort.

Har du tips? Ring eller send SMS til 480 13 131, eller send e-post til tips@porten.no.

Saka vert oppdatert. 

Til toppen