DUGNAD: Under dugnad blir tilskodarnbenkane klare for besøkande på skathellebana.
DUGNAD: Under dugnad blir tilskodarnbenkane klare for besøkande på skathellebana. (Foto: Johanne Grov)

Brefestival i Jostedalen - Klargjer skathellebana til marknadsdag

Skatehellekasting har sterke røter i Jostedalen, og no gler innbyggjarane seg til å sjå på kastinga under helga sin festival- og marknad.

Luster: – Skathellekasting er jo nasjonalsporten i Jostedalen, seier Johanne Grov, nestleiar i Jostedal ungdomslag. 

Ho er ein av dei som står bak Brefestival og marknad i Dølaheimen - eit samarbeid mellom Jostedal bygdelag, Jostedal ungdomslag og flerie av turist- og overnattingbedriftene i Jostedalen.

Skathellekasting er mest populært 

Skathellekasting er ein enkel, men populær aktivitet. 

– Det er tre på kvart lag og ved å kasta ei steinhelle er poenget at du skal treffa ei annan stein. Eg veit ikkje kor mange som deltek, men det er i alle fall veldig populært å sjå på. Dei fleste kjem på marknad for å sjå på skathellekasting, seier Grov. 

Laget som vinn får heider og ære blant innbyggjarane i dalen. 

Tradisjonsrikt i Jostedalen

Marknad og brefestival i Jostedalen er tradisjon, men i år har dei gjort ein vri på det heile. 

– Tidlegare har det vore seperate helger, men no har me slege det saman til ei helg. Grunna dette har me fått litt protestar frå folk, men me håpar mange vil koma sjølv om me prøver å tenkja litt nytt, seier Grov. 

Noko for alle

Helga består av mykje moro og ulike aktivitetar. 

– Det er mest for born og unge. Fredag er det føredrag av Mette Gillespie frå Høgskulen på Vestlandet på Jostedal hotell. Ho vil snakke om  "Geofysisk kartlegging av breer". Det vil i praksis seie korleis landskapet ser ut under breen.

Marknadsdagen startar laurdag og byr på mykje å gjera.

– Det blir terrengløp, buskspel, lesestund for born, ostekoking med smaksprøvar og hesteridning. I tillegg kan folk kjøpa grillmat, kaffi og mølse. 

Fest for dei vaksne på kvelden

Laurdagskveld blir ein opptur både for dei som er glade i å lesa og for dei som likar å dansa.

– Det er litteraturkveld på Fjellheim der Sigrid Hesjevoll og Erlend O. Nødtvedt les frå bøkene sine. På kvelden blir det brepub med dei røynde rockarane i Infidels, seier Grov. 

Sundag avsluttar dei med bretur, natursti, og padling på Brevatnet.

Til toppen