FILMA MINUTTA ETTER ULUKKA: Breførar Tshering Pande Bhote tok opp mobilen og filma like etter at tre turistar hadde falle i elva ved Nigardsbreen. Foto: Tshering Pande Bhote.
Video

Breførar filma like etter dødsulukka på Nigardsbreen

Fleire personar hadde trassa sperringa då Nigardsbreen kalva. Ein video teken like etter viser korleis vatnet frå elva har skylt oppover svaberga. Ein person omkom.

Luster: Søndag hamna tre personar i elva då Nigardsbreen kalva. To av dei vart berga på land, medan den tredje vart funnen omkomen i Nigardsbrevatnet der elva renn ut.

Ein av breførarane vart augevitne til ulukka, og filma berre nokre minutt etter. Som me kan sjå av bileta har vatnet skylt oppover berga, og heilt opp mot sperringane. Nokre av dei ser ut til å ha velta.

– Det var kanskje ti personar som trassa sperringane. Så rasa plutseleg ei isblokk ut frå brefronten, seier Tshering Pande Bhote til NRK.

Tidlegare i sommar filma han òg ei spektakulær kalving. Ei rekkje turistar fekk litt av ei oppleving, men heldigvis gjekk det bra den gongen.

Hjelpte dei skadde

TRUANDE: Dette biletet reknar fotografen med vart teke ein dryg halvtime før det fremste istårnet midt i biletet rasa ut. Foto: Morten Hagen

At ikkje fleire liv gjekk tapt søndagen er berre flaks, meiner Steinar Bruheim, leiar i Jostedalen breførarlag.

– Det kunne heilt klart blitt mykje meir dramatisk. Heldigvis fekk folk som stod langs elva hanka inn to av dei tre personane som datt uti, seier han.

Turane på breen var avslutta for dagen. Tshering Pande Bhote var den einaste av førarane som var i området.

 – Han kom seg fort over på andre sida av elva, og fekk hjelpt dei som var skadde. Han tok dei ned til båten og fekk bandasjert dei, seier Bruheim.

Teken av bølgje

Hobbyfotograf Morten Hagen frå Sogndal tok truleg bilete av istårnet som rasa – ein god halvtime før den tragiske ulukka. 

– Kameraten min nevnte faktisk då me stod der at det såg skummelt ut. Men at det skulle gå slik er jo berre trist, seier han.

Såvidt han kunne sjå var det ingen som gjekk forbi sperringane då dei var der.

Ifølgje Sogn Avis var den omkomne ein 38 år gamal mann frå Austerrike. Saman med dei to andre som vart tekne, hadde han vore nede ved elva då breen kalva.

– Dei vart tekne av bølgja skapt av isblokka, ikkje sjølve isen, seier konstituert lensmann i Sogn, Magne Knudsen, til avisa.

Til saman ni personar har mista livet ved Jostedalsbreen sidan 1986. I 2014 omkom eit tysk ektepar då dei vart trefte av ei isblokk. Etter ulukka vart det sett opp ekstra sperringar og enno tydelegare skilt framfor breen.

Til toppen