NOMINASJONSMØTE: Hilmar Høl sikra andre plassen på lista, medan Ingrid Heggø blei første kandidaten på lista. Foto: Kaja Nygård 
NOMINASJONSMØTE: Hilmar Høl sikra andre plassen på lista, medan Ingrid Heggø blei første kandidaten på lista. Foto: Kaja Nygård  (Foto: Kaja Nygård)

Brei støtte om topplassane 

God stemning i salen, då Sogn og Fjordane Arbeidarparti hadde nominasjonsmøte laurdag. 

Sogndal: Laurdag hadde Sogn og Fjordane arbeidarparti nominasjonsmøte på Quality hotell i Sogndal. 

Ingrid Heggø og Hilmar Høl vart Sogn og Fjordane arbeidarparti sine to topp kandidatar til stortingsvalet. Vidare følgde Helge Robert Midtbø som nummer tre på lista og Kristin Maurstad som nummer fire på lista. 

Gav fra seg plassen

Torbjørn Vereide var eigentleg på tredje plass på lista før nominasjonsmøte, men han valte å gi frå seg plassen sin til Helge Robert Midtbø. 

- Det er viktig for meg å få fram ein tydleg kandidat frå Sunnfjord på tredjeplassen, seier Vereide. 

Vereide sjølv kom på femteplass på lista. 

Artikkelen held fram under bilete

ARBEIDARPARTIET: Torbjørn Vereide gav fra seg plassen sin til Helge Robert Midtbø.
ARBEIDARPARTIET: Torbjørn Vereide gav fra seg plassen sin til Helge Robert Midtbø.

Topplassane

Ingrid Heggø kom på første plass, medan Hilmar Høl kom på andre plass på lista. 

- Eg har trua på at me kan bli størst i fylket. Me skal jobbe for å få to kandidatar frå vår liste på Stortinget, seier Hilmar Høl. 

Ingrid Heggø håpar også på å få to på Stortinget. 

- Eg er audmjuk for å få vere første kandidat for fylket. Viss me no står samla, så har eg trua på at me klarar å få to kandidatar på Stortinget. 

Både Heggø og Høl er einig med at lista dei har no er god. 

Endelege lista

Slik ser lista til Sogn og Fjordane Arbeidarparti ut: 

1. Ingrid Heggø

2. Hilmar Høl

3. Helge Robert Midtbø 

4. Kristin Maurstad 

5. Torbjørn Vereide

6. Solveig Willis

7. Silje Viktoria G. Vallestad 

8. Arve Helle 

9. Siri Sandvik

10. Stig Ove Ølmheim

Til toppen