VURDERER NYTT: Breiddeidrett kan bli eit fag på Årdal Vidaregåande Skule til hausten dersom finansieringa kjem i orden. Vikarierande rektor, Henny Midtun, seier fleire har sagt seg villige til å bli med på spleiselaget. Foto: arkiv.
VURDERER NYTT: Breiddeidrett kan bli eit fag på Årdal Vidaregåande Skule til hausten dersom finansieringa kjem i orden. Vikarierande rektor, Henny Midtun, seier fleire har sagt seg villige til å bli med på spleiselaget. Foto: arkiv.

Breiddeidrett kan bli nytt fag på vidaregåande i Årdal

Skal bidra til å halde ungdomen lenger i kommunen og betre rekrutteringa til fotballen.

Årdal: Årdal vidaregåande skule ønskjer å opprette faget breiddeidrett, men treng økonomisk drahjelp for å få det til.

– Det er fleire som har sagt at dei er villige til å bli med på ei spleiselag. Me trur eit slikt fag kan vera med på å styrke skulen vår og at vi kan behalda ungdomane lenger. Det er me avhengige av i bygda, også i idrettslaga. Det ønskjer me på skulen å leggja til rette for, seier vikarierande rektor Henny Midtun.

Les også: – Årdal vgs er ein god plass å vere og lære

BRA FOR FOTBALLEN: Geir Kjetil Øvstetun i Årdal FK seier det nye faget kan hindre at ungdomen reiser vekk frå kommunen for tidleg.
BRA FOR FOTBALLEN: Geir Kjetil Øvstetun i Årdal FK seier det nye faget kan hindre at ungdomen reiser vekk frå kommunen for tidleg.

Til saman reknar skulen med at det vil koste 150.000 kroner å få faget opp på beina. Rådmannen i Årdal rår politikarane til å sette av 50.000 kroner, i tillegg er det venta at næringslivet og idrettslaga kjem til å bidra.

Alle detaljane i er ikkje spikra, men breiddeidrett er eit tilbod til elevane i første klasse på studiespesialisering (det som før heitte allmennfag), og vil med sine fem timar veka komme i tillegg til dei andre faga.

– Det er eit fag som vil treffa fleire, ikkje berre fotballungdomar, men alle som ønskjer å få lagt til rette for trening i skulekvardagen. Breiddeidretten er eit fag som kan fenge mange. Målet er å starte opp allereie i haust, seier rektoren. 

Eit ekstra idrettsfag er noko dei ulike fotballgruppene i kommunen har etterspurt. Ei kartlegging dei har gjort viser at ni elevar fødde i 2000/2001 ønskjer eit slikt tilbod.

– Årdal FK vil vere sterkt avhengig av å ha unge spelarar i tida framover. Då må vi gje dei eit godt tilbod så dei ikkje reiser andre plassar, seier Geir Kjetil Øvstetun i Årdal FK.

Til toppen