OPEN FOR ALLE: På Lærdal golfklubb si bane på Ljøsne i Lærdal kan alle dei som er interesserte  prøve  seg på sporten, fortel styreleiar Lorentz Petter Lossius. Foto: Kristoffer F. Øygarden
OPEN FOR ALLE: På Lærdal golfklubb si bane på Ljøsne i Lærdal kan alle dei som er interesserte prøve seg på sporten, fortel styreleiar Lorentz Petter Lossius. Foto: Kristoffer F. Øygarden

Breitt aktivitetstilbod for golfentusiastar i Lærdal

Lærdal golfklubb på Ljøsne tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar for både nybyrjarar og meir erfarne spelarar i alle aldrar. 

Ljøsne/Lærdal: Det heile starta i 2000 med eit knippe golfentusiastar som ynskja å starte klubb i Lærdal. 15 år seinare har Lærdal golfklubb rundt 200 lokale medlemmar i alle aldrar, og kan skilte med ei offisiell sekshols-bane.

– Anlegget vårt inkluderer ei såkalla «slopa» bane – det vil seie at det er ei offisiell golfbane der alle kan spele etter handikappet sitt, og der me kan arrangere turneringar, fortel styreleiar i klubben Lorentz Petter Lossius.

Med ein sesong som varar frå midten av april og ut oktober, og rundt 20 turneringar i sesongen, er det nok av moglegheitar for dei som ynskjer å slå eit par slag i idylliske omgivnader på Ljøsne.

Variert tilbod

Då Porten vitja Lærdal golfklubb var det Pitch'n Put – såkalla nærspel – som stod på programmet. Her samlast medlemmane for eit avslappa og uformelt parti golf, utan presset som kjem med dei offisielle turneringane.

Artikkelen held fram under biletet.

FLOTTE OMGIVNADER: Dei som tek turen til golfbana på Ljøsne får moglegheita til å spele i flotte omgivnader.
FLOTTE OMGIVNADER: Dei som tek turen til golfbana på Ljøsne får moglegheita til å spele i flotte omgivnader.

Dette er kun eit av dei mange aktivitetstilboda klubben tilbyr gjennom sesongen, med nok av moglegheitar for både nybyrjarar og meir erfarne spelarar.

– Me køyrer eit blanda turneringsopplegg, med både seriøse turneringar og såkalla selskapsturneringar. På dagar som i dag spelar me hovudsakleg for moro skuld, pratar og har det hyggjeleg saman, samstundes som  me får øve oss på sjølve spelet, seier styreleiaren.

Meir seriøse spelarar kan melde seg på klubbmeisterskapet, eller hive seg på til neste år då Lærdal golfklubb arrangerer sjølvaste fylkesmeisterskapet.

Artikkelen held fram under biletet.

BREITT TILBOD: Golfklubben tilby aktivitetar for både nybyrjarar og meir erfarne spelarar.
BREITT TILBOD: Golfklubben tilby aktivitetar for både nybyrjarar og meir erfarne spelarar.

Lærdal golfklubb tilbyr òg eit introduksjonskurs kalla «vegen til golf», som inkluderer sikkerheitsopplæring og er obligatorisk for alle som ynskjer å spele golf i Noreg.

Klubben held vanlegvis kurset to gonger i året,  mai og august.

Noko for alle

Dei fleste medlemmane spelar på hobbybasis, og Lossius understrekar at klubben er tilgjengeleg for alle som er interesserte.

– Her er det alle slags golfarar. Me har dei som er kjempeivrige, som kjem hit og spelar kvar einaste veke. Så har me andre som kjem ein tur innom eit par-tre gonger i året.

Alder er heller inga hindring.

ALDER INGA HINDRING: Sjølv dei yngste får prøve seg ute på bana.
ALDER INGA HINDRING: Sjølv dei yngste får prøve seg ute på bana.

Klubben tilbyr junior- og knøtte-trening ein gong i veka for dei i alderen 3 til 15 år som ynskjer å prøve seg, og stiller med både køller og anna utstyr. Treninga byrjar i slutten av juni og held fram til tidleg i august, og tek sikte på å vere både morosamt og lærerikt.

I tillegg har klubben ei seniorgruppe som spelar fast på tysdagar og torsdagar. Desse spelar òg utanom den vanlege sesongen, og held på året rundt så lenge det ikkje er snø på bana.

Lossius oppfordrar alle som er interesserte til å sjekke nettsidene til klubben, eller rett og slett ringe dei for ein prat.

Med god tid igjen av sesongen er det dermed inga unnskyldning for dei som går og lurer med ein liten golfspelar i magen – her er det berre å hive seg på!

Til toppen