PÅ VITJING I SOGN: Terje Breivik, nestleiar i Venstre. Foto: Bård Ek. Publisert med  Creative Commons Attribution-ShareAlike 2.0 Generic License .
PÅ VITJING I SOGN: Terje Breivik, nestleiar i Venstre. Foto: Bård Ek. Publisert med  Creative Commons Attribution-ShareAlike 2.0 Generic License .

Breivik på vitjing hjå gründerar og bedriftsmiljø i Sogn

Nestleiaren i Venstre møter små- og mellomstore bedrifter i Balestrand, Sogndal og Lærdal.

Sogndal/Lærdal: Måndag 3.juli besøker Terje Breivik Sogn. Breivik er nestleiar i Venstre og sit i finanskomiteen på Stortinget.

- Han er sentral talsmann og står bak fleire forslag for å støtte gründerar og sjølvstendige næringsdrivande, står det i pressemeldinga frå Venstre.

I Sogn møter Breivik små- og mellomstore bedrifter i Balestrand, Sogndal og Lærdal.

Ciderhuset, Campus og Lærdal Grønt

Besøket startar på Ciderhuset i Balestrand klokka 13. Ciderhuset, med økologisk dyrking, ciderproduksjon og gardsrestuarant tek stadig nye steg og har, som ein av få norske verksemder, nyleg fått utmerkinga Economusèe. I Sogndal besøker Breivik Fosshaugane Campus.

- Breivik kjenner Sogndal frå tidlegare besøk, og er no interessert i å høyre om innovasjonssenteret som snart står klart, om veksten i dei ulike næringsmiljøa og korleis dei ulike aktørane samhandlar for å realisere nye løft, står det vidare i pressemeldinga.

Besøket endar i Lærdal og hjå Lærdal Grønt. Her vil Breivik få orientering om verksemda og korleis bøndene gjennom mange år har klart å bygge Lærdal som ei unik merkevare innanfor mellom anna morelldyrking og dyrking av lærdalspoteter.
 

Til toppen