Fjærland: – Når det blir satsa på reiseliv, så må me ha innfallsportar som står i stil med den satsinga, seier museumdirektør John Brekke.
Dei har rundt 80.000 gjester i året, men lenge har ein lite presentabel verkstad ved Fjærlandvegen danna inngangsporten til museet og Mundal sentrum.
Politikarane i Sogndal har opna opp for å bruka èin million på å utvikla og pynta opp i krysset.
– Det er me kjempeglade for, seier Brekke, som sjølv plussar på budsjettet med ein tilsvarande sum frå bremuseet.

Politikarane i Sogndal er positive
Pengane vart gitt i gåve til kommunen frå Samferdsledepartementet då bomstasjonen vart lagt ned i 2010.
Sidan har det vore mykje att og fram for å finna ut kva pengane skal brukast til. No ser det ut til å at saka endeleg har landa. Det er kommunestyret i Sogndal som avgjer, men innstillinga frå formannskapet sist torsdag var positiv.
– Dette er eit gode for Fjærland, det er eit gode for Sogndal kommune og det er eit gode for alle som køyrer gjennom Fjærland, og det er ganske mange, seier varaordførar Laura Kvamme.
Ho framhevar trafikktryggleiken som eitt av dei viktigaste argumenta for å ordna opp rundt krysset. Ho trur det vert betre òg for drivaren av verkstaden å få flytta verksemda til industrifeltet.
– Viss me får rydda det området, så blir det tryggare når me skal køyra ut på riksveg 5, seier Kvamme.
Her er planane for innfallsporten
Bremuseet har laga ein trestegsplan for korleis dei vil utvikla området.
Første steg i 2019 blir å flytta verkstaden og laga eit parkområde med dam, fontener, informasjonskilt og parkeringsplass med ladestasjonar til dei reisande.

Steg to blir å setta opp ein klatremammut og ein paviljong fylt med bøker frå Bokbyen. Det er òg tenkt å setta opp rammer i tre med fotoutstillingar av naturen i Sogn og Fjordane. Siste steg i planen blir eit forsøk på å få til litt næring i området.
Talet gjester til bremuseet har auka med 10.000 kvart av dei tre siste åra, og turistar kjem hit frå heile verda. Direktøren håpar ein ny innfallsport kan bidra til å forlenga den positive trenden.
– Det vil kunne få fleire til å stoppa på bremuseet, men det har òg mykje å seia for det øvrige næringslivet i Fjærland, for bokbyen, butikken og ikkje minst hotellet. Og så blir det ein flott innfallsport me kan vera stolte av, seier Brekke.