HAUGABREEN: Haugabreen i Jølster har det siste året smelta 15 meter og 35 meter sidan 2013. (Foto: På Gran Kielland / Norsk bremuseum)
HAUGABREEN: Haugabreen i Jølster har det siste året smelta 15 meter og 35 meter sidan 2013. (Foto: På Gran Kielland / Norsk bremuseum) (Foto: Pål Gran Kielland / Norsk bremuseum)

Bresmeltinga blir stadig meir synleg

Bresmeltinga ved fleire av dei store breane i Fjærland og Jølster blir meir og meir synleg. Det viser nye målingar.

  • Endret

Fjærland: Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har sidan 1991 følgt nøye med kva som skjer med breane. Særleg har dei halde auga med Bøyabreen og Store Supphellebreen i Fjærland. Ved desse breane blir bresmeltinga stadig tydelegare.

– Allereie i 2014 vart det rapportert om eit «svart hol» i bretunga i Bøyabreen. Dette holet er også i år godt synleg, og det er eit tydeleg teikn på at breen blir tynnare, heiter det i ei pressemelding frå Norsk bremuseum.

Artikkelen held fram under biletet.

STORE SUPPHELLEBREEN: Bileta viser korleis Store Supphellebreen har gått tilbake frå 1997 til 2016.
STORE SUPPHELLEBREEN: Bileta viser korleis Store Supphellebreen har gått tilbake frå 1997 til 2016.

Bremuseet slår fast at endringane er store sidan slutten av 90-talet. Frå 2003 til 2014 har breen til saman trekt seg 160 meter tilbake.

Tendensen er den same for Store Supphellebreen som har trekt seg tilbake rundt 70 meter frå 1992 til 2014. Samanliknar ein situasjonen over lengre tid er utviklinga endå meir dramatisk. Sidan 1899, då dei første frontposisjonsmålingane starta, har avstanden til brekanten auka med over 300 meter.

Artikkelen held fram under biletet.

STORE ENDRINGAR: I 1899 var det 77 meter frå denne steinblokka til brekanten på Store Supphellebreen i Fjærland. No har avstanden auka med over 300 meter. Biletet til venstre statsgeolog John Bernhard Rekstad som oppretta merket for å måla avstanden til breen. T.h.fagansvarleg Pål Gran Kielland ved Norsk bremuseum. 
STORE ENDRINGAR: I 1899 var det 77 meter frå denne steinblokka til brekanten på Store Supphellebreen i Fjærland. No har avstanden auka med over 300 meter. Biletet til venstre statsgeolog John Bernhard Rekstad som oppretta merket for å måla avstanden til breen. T.h.fagansvarleg Pål Gran Kielland ved Norsk bremuseum. 

Også høgare opp i fjellet endrar breen seg. Det same har Haugabreen i Jølster og Vetle Supphellebreen i Fjærland. Målingane viser at Haugabreen det siste året har smelta 15 meter og 35 meter sidan 2013.

Vetle Supphellebreen i Fjærland har derimot gått 16 meter fram det siste året. Bremuseet meiner store snømengder kan vera ein del av forklaringa. Sidan museet starta med målingane av breen for fem år sidan, har han til saman gått to meter fram. (©NPK)

Til toppen