REISER: Brett Fellows (t.v.) vert verande i Årdal FK, medan lagkameraten Joey Sinton (t.h.) reiser heimatt til England. Foto: Arkiv
REISER: Brett Fellows (t.v.) vert verande i Årdal FK, medan lagkameraten Joey Sinton (t.h.) reiser heimatt til England. Foto: Arkiv

Brett Fellows spelar vårsesongen for Årdal FK

Men den britiske lagkameraten Joey Sinton reiser attende til England.

- Slik det ser ut no, blir Brett Fellows med oss på vårsesongen, seier Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal FK til Porten.no.

Etter å ha spelt vårsesongen i fjor for Årdal FK, reiste den britiske fotballspelaren Joey Sinton attende til England for å sparka fotball der.

Les også: Har vakse på britisk input

Då dette ikkje gjekk heilt som forventa, ynskja han å kome til Årdal FK og spele siste del av sesongen. Med seg til haustsesongen hadde han Brett Fellows, ein kamerat frå heimstaden Birmingham.

Ny struktur forandrar prioriteringane

Dei nye, føreslåtte endringane i divisjonsstrukturen i norsk fotball kan sende 3. divisjonslaget Årdal FK ned i 4. divisjon om vedtaka vert godkjende under Fotballforbundet sitt møte i slutten av februar.

Berre dei fire beste laga i 3. divisjon vil vere sikra plass i den omstrukturerte divisjonen.

Les også: Stor spenning i Årdal om nytt divisjonssystem

-  Med slike endringar må ein vurdera om ein skal gje meir speletid til lokale spelarar enn ein ellers ville gjort. Det er mange spørsmål det er vanskeleg å ta stilling til før det har blitt teke ei avgjersle, seier Øvstetun.

Britisk forretningsmann betalte for spelarane

Den rike, britiske forretningsmannen Nigel Jones har bidrege med midlar til at dei to engelske fotballspelarane Brett Fellows og Joey Sinton har spelt for Årdal FK den siste tida.

Det var Sogn Avis som fyrst omtala denne saka. Avisa skriv at årdølene fyrst kom i kontakt med Jones via den tidlegare Tottenham-spelaren Mark Falco, og at han framover skal bidra i ei rolle som spelarutviklar i klubben.

- Jones har bidrege på sitt område. Vi hadde ikkje hatt råd til å hatt spelarar utanfrå Årdal om vi ikkje hadde hatt utanforståande investorar, seier Øvestetun til Porten.no.

Brett Fellows blir med ut vårsesongen, deretter skal styret i Årdal FK ta ei ny vurdering til sommaren.

- Joey Sinton spelte for oss i fjor vår, han er ein god fotballspelar, men var veldig mykje skada. I år vert det vanskelegare å få det til at han skal spele reint praktisk. Difor vert han ikkje med oss lenger, seier Øvstetun.

Til toppen