TURNERING: Fredag blei det arrangert bridge turnering. Foto: Jonas Henjum
TURNERING: Fredag blei det arrangert bridge turnering. Foto: Jonas Henjum

Bridgeklubben har investert i utstyr – håpar på oppsving

Godt oppmøte på bridge-turneringa fredag 16. Desember. Med to nykommarar fra Lærdal. 

Årdal: – Bridge-miljøet i Årdal er veksande, seier Arne Håkon Laberg.

Dei merkar aukande interesse innanfor bridge i Årdal. Med 16 deltakarar i bridge-kurset dei hadde for ei stund tilbake.

Nytt utstyr

Årdal bridgeklubb har gått til innkjøp av nytt utstyr som gjer det heile mykje enklare.

– Me har kjøpt nytt utstyr til ein sum av 120.000 kroner, dette er tipp topp for oss.

Utstyret blir kopla opp mot ein PC som ein brukar til å halde styr på poengsummen.

– Utstyret gjer heile prosessen meir automatisert. No slepp me å skrive ut poengsummane.

Artikkelen held fram under bilete 

NYTT UTSTYR: Årdal Bridge klubb har kjøpt nytt utstyr.
NYTT UTSTYR: Årdal Bridge klubb har kjøpt nytt utstyr.

God vekst

Årdal BK har den siste tida hatt god vekst, med ei varierande aldersgruppe heilt ned i 25 år. Dei er no 25 aktive medlemmar. Dei oppfordrar unge til å komme inn i bridgemiljøet.

Servering: I pausen blei det servert biffgryte.
Servering: I pausen blei det servert biffgryte.
Til toppen