Kaupanger: Posten Noreg har bestemt seg for å etablere ein ny godsterminal i fylket, men har førebels ikkje kome med nærare informasjon om stad eller eventuelle tilbod.
– Vi ser med interesse på fleire lokasjonar i området. Prosessen er sett i gang, men det er feil å kommentere meir så tidleg, seier Åge Johnny Kalstad, som er dagleg leiar for Bring-avdelinga i Førde.
Dagens terminalar ligg i Førde, Stryn og Kaupanger, og Kalstad bekreftar at desse skal sentraliserast til éin terminal. Det er ukjent om sentraliseringa vil føre til nye arbeidsplassar.
– Det kan det bli, men eg har ingen kommentar til korleis dette blir løyst vidare. Vi har jo våre tilsette i dag, seier Kalstad. (©NPK)