GODT ALTERNATIV: Om du ikkje vil drikka champagne på nasjonaldagen, er Frigard Bringebærlemonade det beste alternativet, ifølgje Dagens Næringsliv – noko bringebærbonde og lemonadeutviklar Petter Andresen sjølvsagt er godt nøgd med. Foto: Frigard
GODT ALTERNATIV: Om du ikkje vil drikka champagne på nasjonaldagen, er Frigard Bringebærlemonade det beste alternativet, ifølgje Dagens Næringsliv – noko bringebærbonde og lemonadeutviklar Petter Andresen sjølvsagt er godt nøgd med. Foto: Frigard

Bringebærlemonaden hevda seg i kåring av 17. mai-drikke

I Dagnes Næringsliv si kåring «Bobler til 17. mai» blir Frigard Bringebærlemonade kåra til det beste alkoholfrie alternativet.

Lærdal: – Me er jo tekne inn i gode selskap, kan du seia, seier bringebærbonde Petter Andresen.

Fredag kåra Dagens Næringsliv dei beste boblene til nasjonaldagen; med i kåringa var også nokre alkoholfrie alternativ.

Øvst på lista kjem fire champagnar, og på 5. plass – altså best av dei alkoholfrie alternativ – dukkar Frigard Bringebærlemonade opp med 88 poeng.

– Litt syrleg drikk som fungerer godt til mat

Dessutan kjem Balholm Eplemost med rabarbra og Balholm Eple Sprudle på dei to neste plassane med tilhøvesvis 88 og 87 poeng.

Så følgjer to cavaer frå Spania og to cremantar frå Frankrike – bak dei alkoholfrie alternativa frå Lærdal og Balestrand. Såleis er det eit betre alternativ å nytta alkoholfri drikke frå Sogn enn alkoholhaldige cavaer og cremantar frå dei velrennomerte vinlanda – om ein skal tolka testen bokstaveleg, i alle fall.  

– Det er jo ikkje så mykje bobler i vår drikk, fokuset i testen var nok å sjå på eit par gode alkoholfrie alternativ. Eg trur grunnen til at me hevdar oss er at me har ein litt syrleg drikk som fungerer godt til mat. Sidan lemonaden er alkoholfri bidreg me kanakje ikkje til at steminga går i taket, men me bidreg med eit godt alternativ.

I Dagens Næringsliv sin test blir nettopp det at lemonaden er godt eigna til mat framheva, og då spesielt til tradisjonsrik kraftkost:

«Dufter av sommer og modne bringebær. Lett sødme og frisk syre med en bløt og fyldig ren bringebærfrukt på smak. Pen lengde. Perfekt følge til rømmegrøt.»

Har nyleg kome inn på Vinmonopolet

– Noko av nøkkjelen er at me tok ei gamal oppskrift med litt rips blanda inn i bringebærdrikken. At det ikkje er tilsetningsstoff gjer lemonaden rein og klar i smaken. Andre har prøvd å laga drikkar som er blandingar av ulike typar frukt eller bær med vekslande hell, men vår blanding verkar til å ha slått godt an.

Frigard Bringebærlemonade auka i sal med 30 prosent etter første året på marknaden. Den har vore inne i NorgesGruppen sitt system og mellom anna vore til sals på alle Meny-butikkar i landet

– No har me kome inn på Vinmonopolet, så me er spente på korleis det påverkar salet. Folk går jo til polet for å finna god drikke, om det er med eller utan alkohol.

– Så det store spørsmålet; drikk du sjølv champagne eller bringebærlemonade på 17. mai?

– Eg drikk kun bringebærlemonde på 17. mai, kjem det kjapt frå Andresen. 

Til toppen