BOM STOPP: Skal du ut på vegen i dag kan det løne seg å ta det med ro. Slik gjekk det når ein bilførar mista kontrollen på glatta i Lærdal i dag. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
BOM STOPP: Skal du ut på vegen i dag kan det løne seg å ta det med ro. Slik gjekk det når ein bilførar mista kontrollen på glatta i Lærdal i dag. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Britisk turist mista kontrollen på glatta

Hamna i grøfta i Lærdal på vetlejulafta.

Lærdal: Det var litt over klokka 12 i dag at den britiske sjåføren hamna i grøfta etter å ha mista kontrollen i ein sving i Sviggum i Lærdal. Heldigvis kom han frå det utan skader på verken seg sjølv eller bilen.

Mannen fekk kontakta forsikringsselskapet i heimlandet og ein trekkbil vart rekvirert slik at julefeiringa kunne halde fram som normalt.

Verken naudetatar eller politi vart kopla inn.

 

Til toppen