I ROLLA: Alexander Zwart frå Lærdal i rolla som dekksmann og shetlands-krigshelt Sjur Olai Trovåg frå Solund.
I ROLLA: Alexander Zwart frå Lærdal i rolla som dekksmann og shetlands-krigshelt Sjur Olai Trovåg frå Solund.

Broren er stjerneregissør Harald Zwart. No kjem båe til Lærdal kulturhus for å visa fram den nye storfilmen

Alexander Einemo Zwart frå Lærdal spelar krigshelt frå Solund i storfilmen «Den 12. mann». 

Oslo/Lærdal:  – Han er ein heilt fantastisk regissør. Han er veldig god på å få folk til å kjenna at dei tek ein stor del i eit stort prosjekt. Og då legg me alle ned ein større innsats. Og alle var me på likefot under produksjonen. Eg fekk ikkje noka spesiell handsaming av di eg er broren hans, fortel Alexander Einemo Zwart. 

Skodespelaren frå Lærdal har ei av rollene i den komande storfilmen Den 12. mann. Han er halvbror til regissøren Harald Zwart. Båe vert verande i Lærdal i dagane etter førpremieren for å feira jolehøgtida.

 MODIGE KARAR: Mannskapet ombord på mørekuttaren «Brattholm» kryssa Nordsjøen på stormfullt hav vintertid, noko sjølv vikingane alltid ville unngå. 
 MODIGE KARAR: Mannskapet ombord på mørekuttaren «Brattholm» kryssa Nordsjøen på stormfullt hav vintertid, noko sjølv vikingane alltid ville unngå. 

Sjølv om regissøren ikkje vaks opp i Lærdal slik som veslebroren, gjekk han eit år på Lærdal ungdomsskule. Både Alexander og Harald ser fram til å møta att klassekameratar frå Lærdal på premieren.

Kjende okkupasjonen på kroppen

Alexander fortel at han kjende på kroppen korleis det må ha vore for dei unge motstandsfolka å koma siglande inn mot okkupert land, og nærast verta kasta til ulvane.

– Dei hadde ikkje mykje å stilla opp med. Dei kjempa mot overmakta, mot ei krigsmaskin som det ikkje var godt å stå i mot. Jamvel uniformane til okkupasjonssoldatane var sydde i hop for å så frykt, seier Alexander. 

Skodespelarane har spela inn scenene ute i landskapet vintertid, tilnærma der dei historiske hendingane gjekk føre seg i Troms. Ingen av scenene Alexander var med i vart spela inn i studio. 

 ETTER TORTUREN, FØR AVRETTINGA: Okkupasjonsmakta ville ha greie på kva for hemmeleg oppdrag shetlandsgjengen var ute på, og i ein freistnad på å innhente mest mogleg informasjon, torturerte dei kvar og ein av fangane før avrettinga. 
 ETTER TORTUREN, FØR AVRETTINGA: Okkupasjonsmakta ville ha greie på kva for hemmeleg oppdrag shetlandsgjengen var ute på, og i ein freistnad på å innhente mest mogleg informasjon, torturerte dei kvar og ein av fangane før avrettinga. 

– Det er alltid utfordrande for skodespelarane å spela inn film i studio. Studioet er eit kunstig miljø. Men når du spelar ute i kulda og i sjøvatnet, der det er iskaldt, då treng du ikkje spela at det er kaldt. Elementa spelar på lag med deg, seier Alexander. 

Eit anna grep regissøren hadde gjort for å hjelpa skodespelarane til å leva seg inn i rollene og handlingane, var at dei fekk spela den karakteren som kom frå same landslut som seg sjølv, so langt det lét seg gjera. Dimed fall det seg naturleg at lærdølen Alexander spela sogningen Sjur Olai Trovåg . 

– Det fører med eit ekstra ansvar å spela ein som har levt

Sjur Olai Trovåg, den unge dekksmannen frå Solund som reiste over til Shetland som sjømann under krigen, vart ein del av «shetlandsgjengen». Etter å ha kryssa Nordsjøen ei uvêrsnatt tidlleg på våren med «Brattholm», eit lite motordrive fiskarfarty, siglde Trovåg og elleve andre inn Toftefjorden i nordlege Troms.

Men alt før dei hadde fått stige i land, vart dei overmanna av okkupasjonsmakta. Hovudpersonen i filmen, Jan Baalsrud, klarar å unnsleppe tyskarane, medan Trovåg og dei 11 andre vert pinte og til slutt drepne av fangetakarane.

Sjur Olai Trovåg vart avretta ved månadsskiftet mars/april 1943.

Alexander Zwart seier det er noko anna å spela ein som har levt, enn ein fiksjonskarakter. Ikkje minst ein som har ofra livet for Noreg. 

– Eg kjenner på eit ekstra ansvar i å fylla dei skorne med so mykje respekt som råd, seier han.

Til toppen