Brot av kontaktsforbod og bråk på utestad

Brot av kontaktsforbod og bråk på utestad

Slik var natta for politiet i Indre Sogn.

Sogndal: Politiet i Sogn og Fjordane hadde nok å gjere natt til søndag. For Indre Sogn sitt tilfelle var det i Sogndal det var mest travelt.

Klokka 00.50 kom meldinga om at ein person hadde brote kontaktsforbod i Sogndal. Mistenkte vart pågrepen og plassert i arresten for natta. Saka skal etterforskast vidare.

Klokka 01.00 fekk politiet melding om at nokon nytta falsk legitimasjon på ein utestad i Sogndal. Vedkommande vert anmeldt.

Klokka 03.25 melde politiet at det var ordensuro på ein utestad i Sogndal. Vedkommande vart bortvist frå staden og frakta heim.

Til toppen