Fylket: I ei pressemelding opplyser fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag at landbruksnæringa valde i dag å bryte jordbruksforhandlingane med staten.
Jordbruket har forhandla med staten siden 5.mai.
– Stortinget gav under behandlinga av Jordbruksmeldinga ordre om tetting av inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper. Landbruks- og matminister Dale og regjeringa har ikkje ikkje kome oss imøte. Vi ser ingen inntektsløft retta mot små og mellomstore bruk og då måtte Bondelaget bryte forhandlingane med staten, seier Felde.
Etter brotet går tilbodet frå regjeringa vidare til Stortinget, som skal vedta jordbruksoppgjeret.