VASSBROT: Årdal kommune skriv torsdag at det vart oppdaga eit større brot på vassleidningsnettet på Årdalstangen, der Hæreidssida og nedre del av Seimsdalen vart råka. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
VASSBROT: Årdal kommune skriv torsdag at det vart oppdaga eit større brot på vassleidningsnettet på Årdalstangen, der Hæreidssida og nedre del av Seimsdalen vart råka. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Brot på vassleidning på Årdalstangen

Fleire husstandar på Årdalstangen er eller har vore utan vatn.

Årdalstangen: Årdal kommune skriv torsdag at det vart oppdaga eit større brot på vassleidningsnettet på Årdalstangen, der Hæreidssida og nedre del av Seimsdalen vart råka. 

Rundt 13.15 vart vassbrotet lokalisert i Saltvika på fylkesveg 303. Brotet har skjedd ved sidan av det førre brotet.

Ein halvtime seinare har Hæreidsvegen, Løytnant Lemsveg og Kringlevegen, samt nedre del av Seimsdalen fått att vatnet. 

– Storteigbakken, Eriksvegen og Utdalsdokki blir utan vatn nokre timar til dei har fått lagt opp mellombels vassforsyning, skriv kommunen.

Til toppen