STENGT: To vassbrot gjer at Kringlevegen er stengd for gjennomkøyring og det er innsnevra vegbane i Hæreidsvegen og i Seimsdalsvegen.  Kart: Mapbox.com
STENGT: To vassbrot gjer at Kringlevegen er stengd for gjennomkøyring og det er innsnevra vegbane i Hæreidsvegen og i Seimsdalsvegen.  Kart: Mapbox.com

Brot på vassrøyr på Årdalstangen

Alle i området har no fått mellombels vassforsyning. 

Årdal: Fredag kveld gjekk ein vassleidning på Hæreid-sida på Årdalstangen, medan søndag kom det eit nytt brot. Det gjer at Kringlevegen er stengd for gjennomkøyring og det er innsnevra vegbane i Hæreidsvegen og i Seimsdalsvegen. Det melde Årdal kommune på sine heimesider måndag morgon i 8-tida. 

Arbeidet vil ta nokre dagar

– Me har no stengt av vatnet rundt brota på røyra. Det er omfattande arbeid, så det vil nok ta nokre dagar før me får reparert skadane, fortel Arne Kjos, fagansvarleg for vatn og avløp i Årdal kommune. 

Då røyra er lagt opp i eit ringsystem, har folk på Hæreid og i Seimsdalen som tidlegare på dagen var utan vatn, fått mellombels vassforsyning. Likevel kan nokre oppleva at vatnet blir borte i kortare periodar i samband med gravearbeidet, men abonnentar vil bli varsla på førehand. 

Årsaka bak øydeleggingane veit ein ikkje før ein startar å grave, noko som vil skje måndag ettermiddag. 

Råd mot misfarga vatn

Kjos oppmodar om å la kaldvatnen i springen renne for å tømme røyra for misfarga vatn, sand og anna grums. I tillegg bør ein bruke minst mogleg varmtvatn for å ikkje få dette i varmtvasstanken. 

Til toppen