STARTAR BRØYTING: Tindevegen vert brøyta frå Fardal til Murane (1040 moh) frå neste veke. Her frå vegen mot Turtagrø.
STARTAR BRØYTING: Tindevegen vert brøyta frå Fardal til Murane (1040 moh) frå neste veke. Her frå vegen mot Turtagrø. (Foto: Tindevegen.no)

Brøytar deler av Tindevegen for å laga tilbod til skigåarar i påskeferien

Grunna spådde dårlege tilhøve ved Fardalen skisenter i påska, blir det starta opp brøyting av Tindevegen.

Årdal: Tindevegen har ikkje fastsett ein dato for opning, opplyser Frank Eldegard, dagleg leiar i Tindevegen.

– Sognefjellet skal som kjent opne alt 10. april om alt går etter planen. Tindevegen ser førebels ikkje moglegheit for det same, og vil vurdera tilhøva framover, før ein tek endeleg avgjerd om dato for offisiell sesongopning, seier Eldegard. 

Lite snø og sein påske

Traseen som skal bli brøyta går frå Årdal til Murane (1040 moh), forbi Fardalen skisenter som ligg på (570 moh). Brøytinga startar veke 14 og skal etter planen vera ferdig til palmehelga. 

Grunna lite snø og sein påske reknar Tindevegen at det vil bli dårlege tilhøve for skigåarar i påska.

Eldegard fortel at dei etter avklaring med dei involverte partane har avgjort å brøyta Tindevegen i alle høve til Murane, kor det vil bli lagt til rette for parkeringsplassar for skigåarar. 

– Det blir eit nytt tilbod og ein ny erfaring for oss, og det er sjølvsagt vesentleg at me greier å lage eit greitt parkeringstilbod på Murane, seier Eldegard og legg til:

– Parkering langs den smale vintervegen i påska vil skapa kaos, og eventuelt medføra at tilbodet kan bli avslutta, avsluttar han og strekar under at han håpar folk tek omsyn når dei skal parkera langs vegen.

Til toppen