Vegvesenet er no i full gang med å brøyte fylkesveg 55 over Sognefjellet. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK.
Vegvesenet er no i full gang med å brøyte fylkesveg 55 over Sognefjellet. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK.

Brøytar seg gjennom snøen for å opne for sommaren

Det er ikkje skikkeleg vår enno, og langt frå nokon sommar, men på fylkesveg 55 over Sognefjellet er brøytemannskapa i full gong med å opne vegen til sommaren.

Turtagrø: Det er eit sikkert vårteikn at dei vinterstengde fjellovergangane blir opna. Statens vegvesen er no i ferd med brøyte fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Vegvesenet reknar med at det vil ta rundt to veker å få brøytt opp vegen, og satsar på opning innan 2. mai.

Store delar av vegen på totalt 248,1 kilometer har status som nasjonal turistveg, og om sommaren (frå mai til september) køyrer det i gjennomsnitt 600 køyretøy dagleg på vegen. I juli er talet omtrent dobla, ifølgje tal frå Statens vegvesen.

Fylkesvegen går mellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Balestrand og mellom Stedje i Sogndal og Lom. I tillegg er vegen kopla på Tindevegen som går ned til Årdal. 

(©NPK)

Til toppen