Årdal: – Det er den einaste i sitt slag i landet. Ein får ikkje så stor motor originalt, fortel, Terje Neshagen.
Han snakkar om den nye brøytebilen til Olav O. Hæreid - ein Scania R730 4x4+2.
Dei to andre brøytebilane deira har 490 hestekrefter. Denne har 730, og det er ein V8-motor. Og den har firehjulstrekk.
Ein komplett brøytebil i følgje karane på Holsbru.
– Det er ein robust fjellovergang, for å seia det slik. Smalt og bratt, og uansett kva retning det bles frå, bles det ein eller annan plass. Eg har sjølv køyrd meg fast. Så med denne blir det sikrare for oss som køyrer, seier Tor Einar Skjolden.
Artikkelen held fram under biletet

– Noregs finaste arbeidsplass
Når dei fekk ny brøyebil måtte dei også få nytt brøyteskjer.
– På denne GMI-plogen er det eit underliggjande skjer som skrapar vekk isen i tillegg til hovudskjeret. Og plogen kastar snøen vekk til sidene i staden for opp på hytta. Det er ein skikkeleg høgfjellsplog, forklarar Olav Vee.
Han og Neshagen køyrer snøfres, medan Skjolden køyrer brøytebil. Og når firmaet Olav O. Hæreid no har skaffa seg ein Scania for første gong - her har det stort sett gått i Volvo.
I følgje dei andre karane har brøytebilsjåfør Skjolden no vorte scaniafrelst. Den vil han ikkje vera heilt med på sjølv, men at den nye bilen er ein grom doning, legg han ikkje skjul på.
– Dei doble siderutene gjera at det ikkje bles inn i det heile. Det er ein kjempebrøytebil; Noregs finaste arbeidsplass. Ja, det er no einaste bilen av dette slaget i landet også.
– Ein får ikkje denne motoren originalt, bilen er trimma, altså?
– Ja, det er sett inn eit trimsett, humrar Neshagen.
– Må nesten ha med oss personbilane også
Nei, «monsteret» med sine 730 hestar er spesialbygd. Hovudvinsten er altså å gjera arbeidskvardagen for brøytemannskapet sikrare - Årdal - Tyin får neppe færre kolonnekøyringar og stengingar til trass for supersterk brøytebil.
– Me må nesten ha med oss personbilane også, seier Skjolden.
– Det ryk kanskje mindre på ein sterkare bil også?
– Den er jo heilt ny, så av den grunn ryk det nok mindre, forklarar Vee.
– Det blir vel rift brøytebilsjåførane mellom om å køyra denne, då?
– Det er fire faste sjåførar på denne. Og den går heile tida i 12-timarsskift.
– Kva kostar ein slik?
– Det veit eg ikkje om eg vil ut med. Her er det nok snakk om så mange nullar som du aldri har skrive før, seier Skjolden.
Etter litt diskusjon kjem karane likevel fram til at den nye arbeidshesten deira med nytt skjer har kosta om lag 3,2 millionar kroner.