Filefjell: - Det er brøytebilsjåførane som avgjer når lysa skal vera på og ikkje, sa Odd Erik Haugen, prosjektleiar for filefjellprosjektet i Statens Vegvesen under synfaringa på Filefjell onsdag.
Les også: På prøvekøyring gjennom Filefjelltunnelen
Strekninga frå Smedalsosen til Filefjelltunnelen er nesten ei mil lang, og heile vegen er det sett opp brøytelys, eller ein form for kraftige gatelys.
Kan ruska godt
Poenget med lysa er først og fremst å gjera vegen meir vintersikker. Med Filefjelltunnelen er den austlegaste delen av det høgstliggjande og mest vêrharde partiet kome i tunnel, men det kan ruska godt mellom Smedalsosen og Kyrkjestølen også.
Med tunnelen og brøytelysa i kombinasjon håpar Statens Vegvesen og Haugen det blir tilnærma fritt for stengingar og svært langt mellom kolonnekøyringane over Filefjell.
- Lysa er delt opp i fem seksjonar så ein treng ikkje ha på alle på ei gong, sa Haugen.