ISKALDT: Natt til måndag var ei av dei kaldaste nettene så langt i vinter. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv).
ISKALDT: Natt til måndag var ei av dei kaldaste nettene så langt i vinter. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv).

Brrr, dette var ei av dei kaldaste nettene hittil i vinter

Det var rett og slett bitande kaldt i Sogn natt til måndag, men no skal vêret slå om att.

Indre Sogn: Natt til måndag var ei av dei kaldaste nettene så langt denne vinteren, der gradene kraup langt ned på minussida på gradestokken.

Filfjell var blant dei kaldaste stadene i natt med -24,8 grader. Den kaldaste fjellstasjonen Hovden med -29,6 grader. 

– Det har vore veldig kaldt no i natt, sannsynlegvis ei av det kaldaste hittil i vinter, seier meteorolog Martin Granerød til Porten.no. 

Kor kaldt var det hjå deg i natt? Send inn til tips@porten.no, der du skriv kor du bur og kva gardestokken viste.

Mildare vêr i vente

Fyr på peisen og kaffikopp i handa var nok difor oppskrifta på ein god start på denne veka, men allereie i løpet av dagen må du sikkert fram med snøskuffa og etter kvart også regntøyet. Måndag kveld vil det skye til.

– I løpet av tysdag vil det bli mildare og temperaturane kryp over 0. Snø vil då gå over til sludd og seinare regn. Snøgrensa vil då etter kvart ligg på 700-1000 meter, seier Granerød.

Temperaturforskjellane vil bli store, frå tosifra på minussida til godt opp på plussida. 

– Kor normalt er det med slike svingingar?

– Dette har med luftmassar å gjere og kva som befinn seg over våre område. Dei siste dagane har det vore kjølige og nordlege luftmassar, men det ligg stadig varmluft i vest, og det er den som no kjem inn over Sør-Noreg. Det er ikkje unormalt med eit slik vêrskifte.

Vanskelege køyreforhold

Og med vêrskifte følgjer også andre utfordringar, hovudsakleg på vegane.

– Det kan bli vanskelege køyreforhold i løpet av tysdagen viss ein først får litt snø og deretter sludd og regn. Då kan det bli slapseføre og vanskelege forhold. I tillegg kan ein få underkjølt regn som kan gjere at det blir glatt, legg meteorologen til. 

Til toppen