VIL LYSA OPP: Politikarane har løyva midlar til å starta opp utskifting av lysarmaturar i Lærdal sentrum. Det skal auke trafikktryggleik, og attraktivitet.
VIL LYSA OPP: Politikarane har løyva midlar til å starta opp utskifting av lysarmaturar i Lærdal sentrum. Det skal auke trafikktryggleik, og attraktivitet. (Foto: Magnhild Feten)

Brukar 200.000 tusen på å lysa opp Lærdalsøyri

Skal betre trafikktryggleik, samt leggje til rette for meir attraktivitet og trivsel i sentrum.

Lærdal: I samband med tettstadutviklingsarbeidet, har politikarane vedteke å løyve 200.000 kroner til å lysa opp sentrum i Lærdal. 

Lysprosjektet er delt opp i fleire delprosjekt, og spelt inn i Økonomiplanarbeidet, der investeringane er fordelt ut over fleire år. 

Områder som er prioritert er sentrumsgata, Gamle Lærdalsøyri, Løytnantsbryggja og Telegrafen. 

Fordelar kostnaden på fire år

Prosjektet skal utførast over fire år frå 2019 til og med 2022. I alt skal 26 lysarmatur bytast. 

I år skal armaturane på lyktestolpane på Øyraplassen, busshaldeplassen og parkeringen ved rådhuset skiftast ut. Det skal kome nye armaturar med LED-pærer. Det er rekna å kosta omlag 200.000 kroner. 

I 2020 skal prosjektet ta føre seg rådhuset sitt uteområde samt parkeringsplassen ved kulturhuset. Fleire lys og lamper utanfor rådhuse «vil gjere huset meir attraktivt og meir inviterande på kveldstid og i mørketida»,  heiter det i sakspapira. 

Vil visa fram gamle Øyri

I tillegg skal dei gamle bygga på Løytnantsbryggja framhevast med hjelp av lys. 

«Dei gamle husene er uten tvil et sterkt særtrekk i Lærdal. Ved bruk av lys i ulike høyder, styrke, fargetemperatur o.l. vil unike bygg, materialer, farger og former fremheves på en slik måte at man ser gaten med nye øyne».

I 2021 er det planlagt å trekka straumkablar til Gamle Lærdalsøyri for å få kopla gatelys opp til det kommunale nettet. Gatelysa som blir sett om må stå i stil med byggeskikken. 

I 2020 skal det koma lys i området kring Coop Extra og Telegrafen, området med kulturhuset og Norsk villakssenter, og Øyragata 14. 

Til toppen