MOLDEN: Attraktive reisemål i Vestland ønskjer fleire nordmenn på ferie. Molden, fjellet på bildet, i Luster er eit populært turmål for turistar.
MOLDEN: Attraktive reisemål i Vestland ønskjer fleire nordmenn på ferie. Molden, fjellet på bildet, i Luster er eit populært turmål for turistar. (Foto: Linda Watten)

Brukar ein halv million til å gjera Vestland til attraktivt reisemål

Vestland fylkeskommune gir ein halv million kroner til å fremje Vestland som eit attraktivt reisemål for den norske marknaden, det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Vestland: Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon har samrøystes løyvd pengane etter ein omdisponering. Fylkesrådmannen har fått fullmakt til å tildele midlane til marknadstiltak i regi av Fjord Norge og destinasjonsselskapa. 

Satsar nasjonalt 

– Me brukar desse pengane for at fleire nordmenn skal kunne feriere på attraktive reisemål i Vestland. Me har også utfordra Fjord Norge til å omdisponere midlar frå internasjonal marknadsføring til nasjonal innsats. Fylkeskommunane på Vestlandet skal snarleg ha eit møte med Fjord Norge for å drøfte korleis me skal gjere god innsats mot den nasjonale marknaden, seier utvalsleiar Tor André Ljosland.  

Vestland fylkeskommune har tidlegare i år gjeve 8,5 millionar kroner til reiselivet gjennom destinasjonsselskapa, slik at desse skal vere i stand til å støtte og rådgje reiselivsbedriftene i ei krisetid.

Støtta har gått til å planlegge korleis reiselivet skal få igang aktiviteten gjennom marknadsarbeid. Det er vidare trong for å styrke marknadsinnsatsen inn mot den nasjonale marknaden.

Kommunar med utfordringar

Denne støtta er ein del av arbeidet med lokalsamfunnsutvikling og næringsutvikling i bygder og lokalsamfunn. Innsatsen skal spesielt gå til kommunar med særlege utfordringar og som kan få behov for omstilling. Dette gjeld mellom anna reiselivskommunar og kommunar som er tunge på offshore leverandørindustri.

Fylkeskommunen har førebels meldt eit behov for omstillingsmidlar i storleiksorden 20-30 millionar kroner til statsbudsjettet for neste år og eit program for omstilling i utsette kommunar.

Omstilling

– I kjølvatnet av korona-pandemien og lågare oljeinvesteringar ventar me at ein god del kommunar og område blir varig råka. Fylkeskommunen har difor bedt om statlege midlar til omstilling i kommunar og utsette område. Kommunal- og moderniseringsdepartementet forventar ei regional medfinansiering.

– Me skal planlegge korleis me skal vere med på å delfinansiere dette arbeidet. I særleg utsette kommunar kan me også vurdere om me må setje i gong omstillingsarbeid i løpet av 2020 før me blir med i det nasjonale omstillingsprogrammet. Me skal følgje med på utsette kommunar, og vurderer vår innsats, seier Ljosland til slutt i pressemeldingen.

Til toppen