GODT NØGDE: I ei brukargransking kjem Lærdal sjukehus godt ut på åtte av ni kategoriar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
GODT NØGDE: I ei brukargransking kjem Lærdal sjukehus godt ut på åtte av ni kategoriar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Brukarane nøgde med sjukehuset

Lærdal sjukehus kjem svært godt ut av ein landsomfattande landsundersøking.

I undersøkinga er brukarane spurt om korleis dei opplever kvaliteten ved sjukehusa i Noreg. Nok ein gong kjem lokalsjukehuset i Lærdal godt ut, skriv Helse Førde.

Det er kanskje ikkje så overraskande. I Lærdal har sjukehuset lege heilt i tet nasjonalt dei siste åra, og det gjer dei også i denne granskinga. Også i Eid får lokalsjukehuset gode tilbakemeldingar.

Førde sentralsjukehus ligg på landssnittet, slik at samla har Helse Førde eit litt betre resultat enn sjukehus på same storleik.

Brukarane som har gjennomført granskinga får eit sett med spørsmål innanfor ni ulike kategoriar. Her vurderer dei pleiepersonalet, legane, informasjon, organisering, standard, utskriving, samhandling, ventetid og korleis pårørande blir mottekne. I åtte av ni kategoriar scorar Lærdal over snittet.

Det er kunnskapssenteret som gjennomfører undersøkinga, og dei konkluderer med at brukarane stadig får betre erfaringar med norske sjukehus. Hovudregelen er at små sjukehus kjem best ut. Aller best scorar små sjukehus som har spesialfunksjon.

Til toppen