BRUTALT: Ulven skal ha teke livet av minst 385 sauer i Ytre Sogn.
BRUTALT: Ulven skal ha teke livet av minst 385 sauer i Ytre Sogn. (Foto: Statens naturoppsyn / Rovviltseksjonen)

Bruker minst 72 tusen kroner på å felle drapsulven

Dei siste to åra har han teke livet av minst 385 sauer i Hyllestad, Høyanger og Fjaler.

Ytre Sogn: Jegerar har forsøkt fleire gonger å felle ulven utan hell. Sidan beitesleppet no er i gong, er det ekstra fare for nye «ulveraid». Det skriv Firda.

Fylkesmann i Vestland opplyser at budsjettet for fellinga er på 72 000 kroner, og kvar jeger får 1600 kroner i døgnet. I tillegg er det sett av 10 000 kroner til ekstra kostnadar, som køyring og telefon, i samband med kvart fellingsforsøk. 

Skadefellingsløyve utvida i juni

Det er gjeve mange såkalla skadefellingsløyve på dyret, og det noverande løyvet har blitt utvida frå 3. juni til 17. juni. 

I fjor haust sa rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf, at ulven kjenner området godt. 

– Dersom ulven har vore der ute over tid, så har han óg lært seg til å kjenne området veldig godt. Han er veldig sky for folk og han har veldig god kontroll, sa rovviltansvarleg i SNO, Rein Arne Golf til NRK.

Til toppen