VIKTIG SAK: Hege Terese Olsen (heilt til venstre), hovudtillitsvald i Fagforbundet i Årdal, er kritiske til vikaravtalen kommunen har skrive under på.
VIKTIG SAK: Hege Terese Olsen (heilt til venstre), hovudtillitsvald i Fagforbundet i Årdal, er kritiske til vikaravtalen kommunen har skrive under på. (Halvor Farsund Storvik)

Brukte 12 millionar på vikarar i fjor – hovudtillitsvald meiner Årdal bør bli flinkare til å hyra eigne krefter i eldreomsorga 

Ifølgje økonomiplanen vil Årdal kommune spara 1,5 millionar kroner årleg på den sterkt kritiserte vikaravtalen med fylkeskommunen. Fagorganiserte meiner kommunen bør gå nye vegar for å finna løysinga på vikarfloka.

Årdal: Årdal brukte rundt 12 millionar kroner på vikartenester innan eldreomsorg i 2017, omtrent det same som året før. Det viser tal frå administrasjonen.

SAMLA FRONT: Elleve hovudtillitsvalde i Fagforbundet frå like mange sognekommunar gjer samla front mot rammeavtalen som legg opp til bruk av omstridde vikarbyrå, utan at dei har fått uttala seg i saka.
SAMLA FRONT: Elleve hovudtillitsvalde i Fagforbundet frå like mange sognekommunar gjer samla front mot rammeavtalen som legg opp til bruk av omstridde vikarbyrå, utan at dei har fått uttala seg i saka. Bilde: Halvor Farsund Storvik

– Eg trur me kanskje ikkje har vore flinke nok til å sjå etter lokale løysingar for å få dette til sjølv, seier Hege Terese Olsen, hovudtillitsvald i Fagforbundet i Årdal.

Krev avtalen annulert – skal ha tvistemøte i Oslo

Porten.no har tidlegare skrive om det omstridde vikarbyrået Orange Service som har fått fotfeste i Årdal, Lærdal, Vik og ni andre kommunar i fylket. Det skjedde etter at fylkeskommunen i sommar skreiv under ein rammeavtale med fem vikarbyrå, der Orange skulle få førsteprioritet på å levera vikartenester i dei tolv kommunane.

Før kunne dei velja sjølve kva for vikarar dei ville hyra inn, dei hadde sjølve ansvaret for anboda og avtalane.

Olsen vil heller at kommunen skal tilsetta fleire i heile og fulle stillingar. Å rekruttera nok sjukepleiarar og helsefagarbeidarar er ikkje enkelt og i framtida vil Årdal kommune truleg bli enno meir pressa på arbeidskraft.

– Me ser at folketalet i Årdal aukar lite, me blir færre yngre og fleire eldre. Nokon skal ta seg av desse og då må me ha ein god strategi for å rekruttera nye tilsette, seier Olsen.

Krev avtalen annullert – skal ha tvistemøte i Oslo

Før jul var hovudtillitsvalde i Fagforbundet frå elleve sognakommunar samla på Leikanger for å markera motstand mot avtalen fylkeskommunen har inngått. Dei jobbar for å få han erkjent ugyldig.

Dei og fylkeskommunen tolkar lova ulikt når det gjeld den såkalla drøftingsplikta. Det er eit punkt i arbeidsmiljølova som pålegg arbeidsgjevar å informera om og drøfta med dei tillitsvalde spørsmål som er viktige for jobben arbeidstakarane skal gjera.

Fagforbundet meiner dei tillitsvalde burde ha blitt tekne med til råds før rammeavtalen blei underteikna. Fylkeskommunen meiner det berre er naudsynt i kvart konkrete tilfelle, altså når ein kommune faktisk treng å leiga inn vikarar.

Organisjonssekretær i Fagforbundet, Anne Kristin Førde, seier dei skal ha eit tvistemøte med KS i Oslo. Viss ikkje dei blir samde, blir saka advokatmat.

– Vår jobb er å sikra at arbeidstakarane har den løna og arbeidsvilkåra dei har krav på, seier ho.

Dialogen i Årdal har blitt betre

Hovudtillitsvald i Årdal, Hege Terese Olsen, meiner òg at dei burde ha fått vera med å drøfta vikarbruken.

– Me var på arbeidsplassbesøk under fagforbundsveka. I løpet av dei ti første minutt snakka me med fem forskjellige vikarar frå tre forskjellige selskap. Det er ganske urovekkande, men det er fakta.

– Kvifor er det urovekkande?

– For det første har me ikkje diskutert bruken av avtalen enno. For det andre har me ikkje sett på om me kan løysa dette på andre måtar sjølve, seier Olsen, som legg til at dialogen med kommunen no er blitt betre. 

Mellom anna har det blitt bestemt å setta ned ei gruppe med tillitsvalde og leiarar som skal diskutera korleis dei kan få løyst vikarfloka på andre måtar enn gjennom rektrutteringsbyrå.

– Eg trur kanskje ikkje kommunen hadde sett for seg at det skulle bli så mykje styr rundt denne avtalen, dei har nok blitt tatt litt på senga. Eg ser at dei verkar oppriktig interesserte i å løysa dette lokalt og har tiltru at me kan få eit godt arbeid rundt dette framover, seier Olsen.

Til toppen