Sogndal: Politiet skreiv ut tre gebyr for manglande bruk av bilbelte under ein kontroll i Sogndal sentrum søndag kveld.
To personar fekk også eit forenkla førelegg for å bruke mobiltelefon i bilen.
I Naddvik måtte ein hjort bøta med livet søndag kveld då han vart påkøyrt. Viltnemnda vart kopla inn her.