KLAR TALE: Lærar og musikar Eivind Ødegård frå Fjærland meiner den omstridde presten Mikael Bruun ikkje er det eigentlege problemet.
KLAR TALE: Lærar og musikar Eivind Ødegård frå Fjærland meiner den omstridde presten Mikael Bruun ikkje er det eigentlege problemet. (Foto: Privat)

«Bruun er ikkje problemet»

– Kyrkja er, skriv Eivind Ødegård frå Fjærland i dette lesarinnlegget.

Meiningar: Den siste veka har vist at saka om kvinnelege prestar engasjerer stort, og at dei aller fleste ynskjer lik handsaming av menn og kvinner i kyrkja. Sjølvsagt.

Mikael Bruun har stått fram med sitt utdaterte syn, og han har fått mykje motstand og kjeft. Eg orsakar om eg sjølv har bidrege i dette, for Bruun er berre ein frontfigur, og dermed er han sjølvsagt eigentleg ikkje problemet.

Teologi er for vaklande og sjølvmotseiande til å vera ein sakleg grunn til diskriminering.

Tvilsam teologi

Problemet er Den norske kyrkja og andre religiøse samfunn som ikkje har vakna opp og sett kva samfunn og tid dei lever i.

Både bisp og prost forsvarar at mannlege prestar skal kunna nekta å samarbeida med kvinnelege prestar. Dette er eit avlegs og urettvist standpunkt, det er etter mitt syn tvilsamt reint teologisk, og det er ei grov nedvurdering av alle kvinnelege arbeidstakarar i kyrkja.

Eg undrast ikkje over at fleire no tek konsekvensen av det kyrkja meiner om saka, og melder seg ut. Eg undrast meir over dei som vil halda fram med å stå i denne organisasjonen.

Kva ville Jesus ha gjort?

Dermed kjem det til at me både utanfor og i kyrkja må krevja det openberre: At norske religiøse samfunn godtek leiarar og forkynnarar uansett kjønn og legning, og at reservasjon mot dette ikkje blir godteke innan religionssamfunnet.

Dette gjeld alle religionane, sjølvsagt. Det norske samfunnet er i mangt bygd på kritikk av religionane, og det skal halda fram så lenge eg kan gjera noko med saka.

Jesus sa ingenting om kvinnelege prestar. Då treng ikkje kyrkja seia noko heller. Teologi er for vaklande og sjølvmotseiande til å vera ein sakleg grunn til diskriminering.

Til toppen