EI EKTE ØLSJEL: Øystein Meland ein av to som var med å starte Balder Brygg på Leikanger. Enno har det til gode å bli butikk av satsinga
EI EKTE ØLSJEL: Øystein Meland ein av to som var med å starte Balder Brygg på Leikanger. Enno har det til gode å bli butikk av satsinga (Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik)

Bryggeria i Sogn fekk lite å skåla for i 2017

Til saman gjekk dei tre ølprodusentane våre over seks millionar i minus i fjor. – Eg har ei lita kjensle av at ølhypen har stilna i Norge, seier Tya-sjef Arnt Erik Henjum.

Indre Sogn: Av dei tre var det Ægir i Flåm som gjekk på det største tapet, heile 3,5 millionar kroner. Naturlege etterdønningar frå satsinga i 2016, meiner bryggerisjef Evan Lewis.

– Du kjem ingen veg utan å satsa, og me satsa veldig hardt i 2016 med nytt utstyr og fleire tilsette, seier Lewis, som trur det vil snu i år.

FESTEN HAR STILNA: Arnt Erik Henjum i Tya Bryggeri seier marknaden for handverksøl ikkje har fått den veksten som vart spådd. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).

Tya Bryggeri i Årdal hadde planlagt å gå i minus dei tre første åra. Underskotet på 1,65 millionar i 2017 var likevel større enn venta.

– Utfordringa vår er å få selt nok, seier Arnt Erik Henjum.

Òg i Leikanger har dei fått merka den harde konkurransen. I 2017 gjekk Balder Brygg 739.000 kroner i minus, det same har dei gjort kvart år sidan starten. Det samla underskotet sidan 2012 er 3,8 millionar kroner.

– Me finansierer underskotet med å gå inn med det me kallar kortsiktige lån, som me håpar me skal ta inn att når det snur, om det snur. Det er mange om beinet, vedgår Øystein Meland, styreleiar hos Balder Brygg.

PRISDRYSS: I 2016 la Ægir Bryggeri om til boksøl og nytt friskt design. Det har gitt mange prisar, men har enno ikkje betalt seg i form av klingande mynt i kassa. Foto: Privat.

Kuttar til beinet

Henjum og kompanjongen Tom Hellebø var fulle av optimisme då dei starta Tya Bryggeri i Øvre Årdal for vel tre år sidan. Sidan har veksten i bransjen stoppa opp, og ikkje teke av slik det vart spådd.

– Det har vorte altfor mange bryggeri rundt om. Eg har ei lita kjensle av at ølhypen har stilna i Norge, seier Henjum.

I fjor tilsette dei ein ekstra person for å få trøkk på salet, utan at det fekk den ønska effekten. No har dei gått tilbake til å ha berre èin selgar, som er einaste fast tilsette saman med bryggemeistaren.

I tillegg til å kutta staben tek dei fleire andre grep for å halda kostnadane nede. 

– Det er der me må ta det. Eg er er ikkje optimist på at me skal ha enorm vekst inn mot neste år heller, seier Henjum.

ØL-COWBOY: Evan Lewis (til høgre i biletet) har fått mykje merksem for bryggjekunstane sine. Her er han på NRK då sommartoget var på besøk.  Bilde: NRK.no/sf

I sommar fekk dei ein etterlengta opptur. Sydenvêr og fotball-VM gav salsrekord. Spørsmålet blir om det berre var eit blaff. 

Bryggeriet har rekna seg fram til at dei må selga rundt 6000 liter øl i månaden for å få økonomi i firmaet.

No ligg dei rundt 5000 liter.

– Det er ein kamp, vedgår ølgründer Arnt Erik Henjum.

Henjum opplyser at Tya ser ut til å selja omlag 65 tusen liter øl totalt etter endt 2018. 

Framleis optimisme

Sjølv om det ser dystert ut akkurat no, meiner Meland i Balder Brygg det er fleire lyspunkt i horisonten. Ein ny avtale med den omreisande kokkegruppa the Flying Culinary Circus skal snart vera på plass, det same med ferjeselskapet Color Line.

Ein forventa auke i salet til butikkjedene og ein auka eksport gjer at trur dei skal få til ein oppsving, slik at bedrifta kan gå i pluss.

– Det er det som gjer at me held oppe trykket og står på vidare, seier Meland.

Ægir håpar at dei snart vil sjå resultat frå satsinga i 2016. Det var året Ægir gjekk over frå halvliterflasker til 0,33 liters boksar. Dei investerte i nye produksjonslinjer, og gjorde heilt om på designet. Grepet førte til at Ægir selde fleire øl i butikkane, men sidan boksane var mindre gjekk volumet likevel ned.

No har volumet endeleg byrja å komme etter, seier Lewis, og viser til ein vekst på 17,3 prosent i fjor.

– Det tek tid, men det var me budde på, seier han.

Til toppen