KULT: Direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen Petter Nome syns Tya Bryggeri har eit originalt og kult design med hulder og Målrock-tematikk. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
KULT: Direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen Petter Nome syns Tya Bryggeri har eit originalt og kult design med hulder og Målrock-tematikk. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Bryggerisjef imponert over Tya-design

Direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen, Petter Nome, besøkte onsdag Tya Bryggeri og var mektig imponert over hulder-dama på etikken til ølflaskene. 

Årdal: For første gong besøkte bryggeridirektøren det lokale bryggeriet på Tya. 

– Dette var jo eit skikkelig rånedesign med sexy damer på, seier Nome om designet på Tya sine ølflasker. 

Han påpeikar at det er viktig for mikrobryggeri å kunne skille seg ut i denne bransjen her og Sogn og Fjordane er eit bra fylke for øl. 

Vil redusera alkoholavgiftene

Petter Nome er no i full gong med å drive lobbyverksemd for å få redusert alkoholavgiftene for småskalabryggeri. Førre veka var han i samtalar med Finansdepartementet om å setja ned avgiftene. Han har sett seg det hårete målet om å få det inn i statsbudsjettet for 2017. 

– Det er veldig ambisiøst, men det vil ikkje koste regjeringa meir enn seks millionar kroner. I fjor ville Tya Bryggeri fått ein reduksjon i avgifter på 63.000 kroner med ein produksjon på 15.000 liter, seier han. 

I år har Tya Bryggeri som mål å produsera 70.000 liter øl. Med ein slik produksjon, ville dei fått redusert 223.000 kroner med dei føreslåtte alkoholavgiftene. Dette tilsvarar for mange ei halv årslønn og kunne vore med på å sikra nye og faste arbeidsplassar i bransjen. 

BRYGGERI: Petter Nome saman med Torstein Kvam som byrjar som salssjef for Tya Bryggeri 1. mai og dagleg leiar Arnt Erik Henjum.
BRYGGERI: Petter Nome saman med Torstein Kvam som byrjar som salssjef for Tya Bryggeri 1. mai og dagleg leiar Arnt Erik Henjum.

Vil få Tya inn på Vinmonopolet 

Tya Bryggeri starta opp for litt under eit år sidan, men er allereie ein stor suksess blant lokale og tilreisande. Dei har utsal på baren som ligg i same bygg som Tya Bakeri og leverer produktet sitt til butikkar over heile Sør-Noreg, frå Trondheim, til Oslo og Stavanger. 

– Det ligg i planane at me skal levere til Vinmonopolet også. Ølet me sel i butikkane må halda grensa på 4,7 prosent. Om me får seld ølet på Vinmonopolet, får me synt fram andre typar øl til kundar i heile Noreg, seier Arnt Erik Henjum, dagleg leiar i Tya Bryggeri. 

Det er Gulating Bryggeri som står for mykje av ølutsalet til Tya. I fjor sommar selde bryggeriet for mykje meir enn det dei hadde budsjettert for, men i dei tre fyrste månadane av 2016, har det vore veldig stille. 

– Det er for det meste utflytte årdøler og turistar som er innom baren og kjøper det lokalbrygga ølet. Me var klar over at det kom til å bli mindre trafikk på vinteren enn om sommaren, så det har me tenkt på når me sette opp budsjettet, seier Henjum. 

Frå 1. mai startar Torstein Kvam opp som marknads- og salssjef for Tya Bryggeri. 

– Jobben min kjem til å gå ut på å få ut merkevara i Sør-Noreg. Eg kan vell bidra med eit godt nettverk og kontaktar etter fleire år i idrettsmiljøet, seier Kvam. 

Smarte investeringar

Mikrobryggeria i Noreg står for 4 prosent av det totale volumet av øl i landet. I tillegg syner tal frå Vinmonopolet at øl no er meir populært enn vin blant nordmenn. 

– Me har blitt ein øl-nasjon og eg trur det er rom for alle småprodusentane også, seier Henjum. 

Tya Bryggeri investerte totalt 3,5 millionar kroner når dei opna opp førre sommar. 

– Ein kan ikkje driva med bryggeri som hobby i det lange løp. Mitt beste tips er å ikkje investera meir enn ein kan selja og produsera. Ellers blir det mykje jobbing og lite peng, seier Nome. 

Tøffare tider framover

Bryggeridirektøren har gjort seg merke av at nordmenn i større grad no kjøper utanlandsk øl i staden for norskt. 

– Det er tøffare tider i vente og salet av mikrobrygg har byrja å flata litt ut. I 2012 var mikrobrygg veldig i vinden og det har poppa om mange lokale ølprodusentar dei siste åra. Før 2012 var mikrobryggeri ein nisje, men no er det blitt meir mainstream, seier Nome. 

I år har det vore ein vekst på 15 prosent blant mikrobryggeri i Noreg. Dette er ein nedgang frå i fjor, då det var ein 25 prosent auke. 

Mange mikrobryggeri sel ølet sitt i daglegvarebutikkar over heile landet. Her er grensa på 4,7 prosent. Nokre har meint at denne grensa burde vera høgare. 

– 4,7 prosent er ei litt tullete grensa. Det har vore snakk om å heva grensa til 5,2 eller 5,5. Det er vanskeleg å brygga godt øl på 4,7 prosent, seier Nome. 

Aldri sett før

Nome meiner det ikkje lenger er nok å vera lokal, ein må verkeleg klare å skille seg ut i det store havet av mikrobryggeri. 

– Det er viktig å samarbeide med lokale arrangement. Slik som Tya Bryggeri har gjort med Målrock. Eg syns det er tøft at dei tørr. Det er mange som blir litt vel kjedlege i designet. 

Det er den britiske illustratøren Mark Wilkinson som har designa etiketten til Tya-ølet. Han har også designa Iron Maiden plateomslag og laga illustrasjonar for artistar som Bon Jovi og Kylie Minogue. 

– Eg har aldri sett liknande design før. Tya Bryggeri har realistiske ambisjonar og driv ei fornuftig satsing her i Årdal. Det at dei samarbeidar med bakeriet er berre heilt strålande. Ein brukar jo dei same råvara. Eg syns det er kult med bakeri og bryggeri saman, avsluttar Nome. 

Til toppen